OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Programmer > TV-arkiv > Kvardagsliv > Eit nytt kvinneliv

Oppdatert 06.04.2001 11:08

KVARDAGSLIV

 

Biografier

Johan Castberg

Publisert 11.12.2000 15:12

Johan Castberg (1862-1926) født i Brevik, norsk politikar og embetsmann.

Etter juridisk embetseksamen var tid knytt til Oppland fylke som sakførar på Gjøvik. Han førebudde seg til politisk arbeid med systematisk studium og var stortingsmann frå 1900 til sin død, frårekna 1919-12 og 1922-24. Han hadde alltid si politiske ryggstø i arbeidarforeningane, sidan "arbeidardemokratane," til slutt det "radikale folkeparti". Han var ein hovudmann ved skipinga av "Arbeiderbruk- og Boligbanken" i 1903. I unionspolitikken var han av dei mest pågåande, ein nær politisk ven til Georg Stang og ein hovudmann i striden mot samlingspolitikken i 1903. I 1905 var han den mest energiske til å drive fram aksjonslina. Han stridde mot Bernadottetilbodet, mot Karlstad-avtalen for republikken. Etter 1905 var han hovudmann i striden mot framhald av samlingspolitikken under Michelsen og Løvland, og han var den mest pågåande til å drive fram konsolideringa av Venstre i 1908. Han var statsråd og sjef for Justisdepartementet i den første regjeringa til Gunnar Knudsen 1908-10 og sjef for Handels- og Sosialdepartementet i den andre 1912, men gjekk ut i 1914 på grunn av usemje med Gunnar Knudsen om tollpolitikken, der Castberg var frihandelsmann. Han var ein hovudmann i gjennomføringa av venstrepolitkken i konsesjonslovene, av lov om arbeidervern og sjuketrygd, og serskilt av barnelovene om arverett og namnerett for born fødd utanfor ekteskapet.
I utviklinga av sosialpolitikken den første tida etter hundreårskiftet var han ei førande kraft.


 
 
SØK

10 SISTE EIT NYTT KVINNELIV
20.12.2000 17:01
Andre forteljingar
19.12.2000 09:22
Et nytt kvinneliv
14.12.2000 16:59
Historiske fakta
12.12.2000 08:59
Gro Harlem Brundtland
12.12.2000 08:59
Sonja Henie
11.12.2000 15:12
Ingrid Bjerkås
11.12.2000 15:12
Johan Castberg
11.12.2000 15:12
Katti Anker Møller

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   02.01.2009 20:52