OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK 514x14 pxl.

Her er du: NRK > Programmer > TV-arkiv > Antikviteter og snurrepiperier

Oppdatert 17.12.2002 09:42

Antikviteter &
snurrepiperier
NRK Hordaland
Postboks 7777
5020 BERGEN

 

Takk for oss

Publisert 02.12.2002 13:57

Kjell Fuglehaug
Kjell Fuglehaug
Etter 8 år og 108 program er det alså slutt for Antikviteter & Snurrepiperier. Det er på mange måtar vemodig, men samstundes er det ei profesjonell avgjerd frå Fjernsynsleiinga – ei avgjerd som vi i redaksjonen er heilt samd i. Som min gamle venn Håkon Brusveen av og til sa: ”Ein plass må grensa gå, sjølv om skigarden har falle ned.”

Fornying må til og hadde ikkje andre program blitt tatt av i si tid så hadde vi aldri fått høve til å laga desse programma. No er tida inne for andre, og so får vi heller koma attende ei anna gong, for temaet Antikviteter bør NRK halda fram med på ein eller annan måte etter ein passe pause.

Vi har alså laga 108 program i ein serie der vi har prøvd å fornya oss frå år til år. Vi har vore innom apotekarhistorien og legevitenskapen sine framsteg. Dessutan har vi vist utviklinga i ei mengd gamle og utdøyande yrker. Vi har vist fram haugevis med antikviteter og rariteter og snurrepiperier og ikkje minst har vi laga massevis med god norsk mat ut frå gamle oppskrifter som kanskje ellers ville ha gått i gløymeboka. Der hadde dei kanskje havna mange av dei gamle visene og sangane som vi har funne fram og presentert og. Sist men ikkje minst har det vore utruleg spennande å få møta alle dei mange interessante og flinke samlarane rundt omkring i landet.

No er det alså slutt og vi takkar alle som trufast har fylgt oss desse åra.


På vegne av alle i redaksjonen
Kjell Fuglehaug
programleiar


 
 
SØK

FRA PROGRAMMENE

OM PROGRAMMENE

ANTIKVITETSPEKERE

10 SISTE ANTIKVITETER OG SNURREPIPERIER
16.12.2002 14:40
Hallingrype
11.12.2002 16:49
Kvelden før kvelden
11.12.2002 16:34
Rødkål
11.12.2002 16:34
Pinnekjøtt
11.12.2002 16:31
Juleribbe
11.12.2002 16:26
Juletorsk med lever
11.12.2002 16:23
50.000 miniatyrflasker
11.12.2002 16:14
Lutefisk
02.12.2002 13:57
Takk for oss

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   04.01.2009 22:18