skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Walkabout 2006 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Walkabout Sist oppdatert 16:01
KOLOFON
Publikum i NRK-studio? Send en epost til
---
Epost til redaksjonen:
---
Prosjektsjef for Radio- og Nett-underholdning
---
Vaktsjef og nettredaktør Underholdning:
 
Les den morsomme teksten:

Are Kalvø er Walkabout-fan

"Hallo i uken"s Are Kalvø har sett de to første episodene av Walkabout, og likte det han så. Faktisk likte han det så godt at han like godt sendte brev til Nils & Ronny

Publisert 15.01.2004 15:20.
Av Are Kalvø

Are Kalvø er fornøyd med hva han har sett av Walkabout så langt
Gode tv-program gir deg lyst til å gjere noko anna enn å sjå på tv. Dette gjeld sjølvsagt også dårlige tv-program, som gir deg lyst til å gjere noko anna enn å sjå på tv, uansett kva.

Gode TV-program

Gode tv-program kan gi deg lyst til å gjere heilt konkrete ting, gjerne ting som du ikkje visste du hadde lyst til før du såg dette tv-programmet. Etter å ha sett to ”Walkabout”-program har eg for eksempel fått veldig lyst til å reise til små og rare plassar sør i USA saman med to middelaldrande menn frå Hønefoss.

Reisekamerater

Tru meg: Dette er ikkje ting eg har fantasert ofte om før. Men no kjenner eg meg heilt trygg på eg hadde fått det betre på reise med Nils og Ronny som reisekameratar. Då ville eg komme i snakk med forbausande interessante folk langs vegen i staden for å bli sittande i bilen og sture. Eg ville møtt kvardagsfilosofar på dei merkeligaste plassar i staden for å sitte på hotellet og sture. Kanskje ville eg til og med blitt innblanda i ein og annan skyteepisode, noko eg må innrømme at det har vore skuffande lite av på feriane mine til no. Til og med det å krangle om vegen ville blitt ein fryd.

Morsomme

Walkabout-programma frå Louisiana både ser og høyrest tøffe ut. Det er inga overrasking.

Det er heller inga overrasking at dei er morsomme. Litt meir overraskande er det at dei gjer eit så lite nummer av kor morsomme dei er. Det er mindre humor i desse programma enn ein kanskje kunne vente. Humoren er stort sett avgrensa til småkrangling i bilen, men i desse glimta viser Nils og Ronny utan å mase så mykje med det at dei enkelt er morsomme nok til å fylle ein halvtimes fjernsyn sjølve.

Bedre enn Idol-dommerne

Bullshit takes talent, som det heiter i filmen, og det er sjeldan ein opplever karar som det verkar så naturlig for å vere kvikke i kjeften som Nils og Ronny. Eg såg det andre Walkabout-programmet rett etter World Idol-finalen, karaoke-tevlinga der elleve vaksne dommarar konkurrerte om å vere tøffast i munnen mot unge menneske som ikkje hadde gjort noko anna gale ennn å synge ein song.

Ikkje ein einaste av dommarane, som sikkert sat på hotellet heile natta og slipa på formuleringane sine, var på noko tidspunkt i nærleiken av å komme opp med ei så frisk, velformulert og ikkje minst konkret fornærming som Nils Wærstad, som etter fleire mislykka navigeringsforsøk i bilen greitt konstaterte at det einaste som gjenstod no var å oppsøke mannen som er ansvarlig for skilting i Louisiana og sparke på han pungbrokk.

Sjarm

Eg liker at humoren i programma ikkje breier seg meir enn han gjer. Det er ei tøff markering at dei morsommaste reiseprogramleiarane er dei som bruker minst tid og energi på å vise kor morsomme dei er. Det beste med programleiarsjarmen til Nils og Ronny, er nemlig at dei ikkje sløser han vekk på oss som sitt og ser på tv. Dei bruker sjarmen til å komme i snakk med folk. Det er der dei blir perfekte reisekameratar, og ikkje berre gode underhaldarar.

Dei er morsommare enn dei fleste som lagar reiseprogram på tv. Samtidig veit dei, i motsetning til mange som lagar reiseprogram på tv, at det er alltid er nokon andre som fortel dei beste historiene om ein plass dei sjølve berre besøker. Det er denne evna til å finne og komme i snakk med folk som skiljer desse programma frå reiseprogramhopen. For dette er program som er interesserte i noko. I å finne folk som seier noko anna enn alle andre. Derfor reiser dei til Ferriday og ikkje til New Orleans. Dette er program om veldig alvorlige ting. Dette er program om rasisme, hat, kriminalitet, isolasjon, fattigdom, arbeidsløyse.

Fortald av nokon som veit kva dette er, ikkje av to fyrar som er på besøk der.

Og folk som ikkje har lyst til å reise på tur med to galningar som både er oppe heile natta og kan få folk til å snakke om håpløyse og hat til farande framadfolk, slike folk kan i grunnen berre halde seg heime.

Skal eg komme med ein kritisk merknad til desse programma, må det vere at det er litt for lite fyll.

Are Kalvø

Siste saker:

 
PROGRAMLEDERE
Nils & Ronny
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no