skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Kappspell 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Kappspell Sist oppdatert 12:43
 
 
Nettansvarlig:
Tlf.: 2304 8434
Mobil: 9282 4214

 

Rykteflom om Kappspell

Det er hard debatt og uro i gammaldans-Noreg etter at Kappspell 2003 no er kome halvvegs. I det siste har det oppstått ein flom av rykte og usanne skuldingar kring resultatet av dømminga. Påstandane er mange og til dels grove. Og dei er retta både mot dei tre dommarane og mot NRK som arrangør. I dag svarar NRK på skuldingane.

- Ingenting av det vi blir skulda for er rett. Det er dommarane, og ingen andre, som har dømt radiodelen av Kappspell 2003, skriv produksjonleiar Gunn Sølvi Gausemel i NRK Kappspell-redaksjonen.

Publisert 18.06.2003 10:38. Oppdatert 27.06.2003 16:40.

Dømminga av Kappspell 2003


Av: Gunn Sølvi Gausemel
Produksjonsleiar – NRK Kappspell-redaksjonen.


Kappspell 2003 er halvvegs. 48 gammaldansgrupper frå heile landet var påmeldt. Tre dommarar dømte alle gruppene på grunnlag av innsendte bidrag. Dei 18 gruppene med best poengsum var med i seks radioprogram som no er avvikla og sendt. Dei ni beste gruppene er kåra, og klare for semifinalane og finalen som skal sendast i NRK fjernsynet til hausten.

Folkemusikk- og gamaldansmiljøet er eit svært aktivt og engasjert miljø. Det er naturleg at resultatlistene etter kappleikar og andre konkurransar vert diskutert. Det er mange meiningar om musikk, og minst like mange om dommarar. Dommaravgjerder har vore tema for mang ein hard diskusjon så lenge det har vore arrangert konkurransar i musikk. I Debattforumet på nrk.no har diskusjonen vore livleg etter at radiodelen var ferdig, og talet på sidevisningar tyder på at gamaldansmusikken generelt og Kappspell spesielt engasjerer mange. Så langt er alt bra.

Det som ikkje er bra, er den rykteflommen og dei mange skuldingane om juks og manipulering av resultatlister som etterkvart har dukka opp på debattsidene. Ryktene og skuldingane har vorte sett fram av anonyme debattantar, og såleis har det vore uråd å forhalde seg til dei fram til no. Dei siste dagane har likevel fleire teke direkte kontakt med oss i Kappspell-redaksjonen og bedt oss svare på skuldingane. Blant desse er også ein av dei som har vore aktivt med og sett fram både rykte og skuldingar, men som no altså har valt å presentere seg med fullt namn. Dei mest alvorlege skuldingane er no fjerna frå debattsidene av den anonyme debattanten sjølv. Men innlegget stod der i fleire dagar, og det er mange som har hatt høve til å lese det.

NRK Kappspell-redaksjonen finn det difor rett å svare på skuldingane som verserer. Påstandane som er sett fram er mange og til dels grove. Og dei er retta både mot dei tre dommarane og mot NRK som arrangør. Skuldingane lyder blant anna slik:

a) Dommarane hadde ei anna 9 på topp-liste enn den som er presentert i radio.

b) NRK var ikkje nøgd med dommarane si liste og forlangte at dommarane måtte endre resultatlista i tråd med NRK sitt ynskje.

c) Dommarane nekta, men NRK pressa dei til å gjere det likevel.

d) Det var 8 grupper med fele og ei toradergruppe som eigentleg var dei 9 beste.


For å gjere det klinkande klart ein gong for alle:

Ingenting av dette er rett.

Målet for NRK er å lage ein konkurranse som er lik for alle deltakarane. Dommarane har dømt lydopptak som er sendt inn av deltakarane sjølve. Alle som har hatt dommaroppgåver veit at å dømme reine lydopptak åleine i einerom er noko heilt anna enn å dømme ”der og då”, i eit dommarpanel saman med fleire andre framfor ei scene, når utøvaren/utøvarane er i ein ”live”-situasjon.

Skuldingane om at NRK har pressa dommarane til å endre resultatlista er teke ut av ”lause lufta”. Då den fyrste lista var klar, etter at dei individuelle poengsummane var rekna saman, viste det seg at det var svært stort sprik i dommarvurderingane. Etter ei totalvurdering kom NRK Kappspell-redaksjonen difor fram til at det ville vere rett å kalla saman dommarane til eit fellesmøte. NRK ynskte på denne måten å kvalitetssikre dømminga av Kappspell så godt som råd. NRK presiserar at lista med dei individuelle poengsummane ikkje har noko som helst å gjere med den lista ryktemakarane presenterer.

Dette vart gjort på følgjande måte:
Dommarane møttest i NRK på Marienlyst i Oslo. Det var underteikna som kalla inn til møtet og som la saka fram for dommarane. På dette møtet vart dommarane samde om å ta eit nytt felles møte for å setje opp den endelege resultatlista. Dommarane ga uttrykk for at dei var glade for å få sjansen til å samlast for å diskutere seg fram til eit omforeint resultat dei alle kunne stå inne for.

Dommarane fekk ein dag til rådvelde for å gå gjennom heile resultatlista på nytt. Dei fekk tilgang til alle innsendte opptak for felles gjennomlytting.

NRK Kappspell-redaksjonen deltok sjølvsagt ikkje i dette felles dommarmøtet. Det burde vere heilt unødvendig å seie det, men NRK gjorde sjølvsagt heller ikkje noko for å påverke prosessen på anna vis. Ikkje på noko tidspunkt er deltakargruppene offentleggjort med namn. Tvert i mot fekk dommarmøtet streng beskjed om ikkje å omtale grupper dei eventuelt kjende att frå opptaka. Dette for at dømminga fortsatt skulle vere so anonym som mogeleg.

La det dermed vere heilt klart:
Som grunnlag for dømminga ligg det klare reglar. NRK har ikkje på noko tidspunkt skulda nokon av dommarane for ikkje å ha dømt ut frå dei reglane som er lagt til grunn for dømminga. Det er dommarane, og ingen andre, som har dømt radiodelen av Kappspell 2003. Den endelege resultatlista vart underskrive av alle dommarane og levert til oss etter dette fellesmøtet. Dette er den einaste lista alle dommarane har godkjent.

Send e-post til Kappspell 2003

LENKER
Diskuter Kappspell Debattforum: Her kan du diskutere Kappspell
Siste saker:
Flere saker: ALT OM KAPPSPELL 2003

 
 
10 SISTE KAPPSPELL
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no