skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Kappspell 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Kappspell Sist oppdatert 12:43
 
 
Nettansvarlig:
Tlf.: 2304 8434
Mobil: 9282 4214

 

Dalakopa til semifinalen i Kappspell

Dalakopa rykker opp til semifinalespeling i Kappspell 2003 etter at Majorstuen må trekke seg frå konkurransen.

Publisert 22.05.2003 14:05. Oppdatert 23.05.2003 15:35.
Orkesteret Dalakopa frå Røros overtek Majorstuen sin plass i semifinalen og skal dermed delta i den fyrste semifinalen på NRK1, fjernsyn.

Bildegalleri: Deltakarar i Kappspell 2003

Dalakopa på heimebane

Fjernsynsopptaka av Kappspell 2003 blir gjort i Storstuggu på Røros 19. og 20. september.

I det NRK ringer og meddelar Dalakopa at dei no har plass i semifinalen, er reaksjonen:

– Kjempeflott! Vi seier sjølvsagt ja til å delta på heimebane. Dessutan trur eg det blir artig for Rørosingane å få eit lokalt orkester med i semifinalen. Dalkopa har eit tett program med spelingar i år, men vi ryddar sjølvsagt plass til Kappspell i september, avsluttar Bent Jacobsen.

Dalakopa. Bak: Ole Anders Feragen, Thore Härdelin, Jens Nygård, Bent Jacobsen og Stein Nygård. Framme: Mary Barthelemy, Oline Sofie Bakkom Härdelin og Roar Kjeldsberg. Foto. Galåen foto.

Dalkopa:
Oline Sofie Eggen Härdelin, fele.
Thore Härdelin, fele.
Jens Nygård, fele.
Mary Barhelemy, fløyte.
Ole Anders Feragen, gitar.
Roar Kjeldsberg, bass.
Stein Nygård, trekkspel.
Bent Jacobsen (leiar), trekkspel.

1. semifinale i Kappspell 2003:

1 - Hallingdal Kraftlag, Ål i Hallingdal.
2 - Dalakopa, Røros.
3 - Separatistan, Verran.


På konsertturne

– Vi er lei for å meddele at vi ikkje kan delta i semifinalen i Kappspell, melder Majorstuen til Kappspellredaksjonen i NRK.


Majorstuen. Foto: Anne Lise Flavik.

– Semifinaleinnspelinga kolliderar med ein turnè vi har for Rikskonsertene, fortel Majorstuen. Vi har tidlegare i år skrive kontrakt med Rikskonsertene, og ser dessverre inga muligheit for å få flytta nokon av konsertane. Vi ønsker både arrangør og musikarar lukke til vidare med Kappspell 2003, avsluttar Majorstuen.

Av Gunn Sølvi Gausemel.

Send e-post til Kappspell 2003

LENKER
Siste saker:
Flere saker: ALT OM KAPPSPELL 2003

 
 
10 SISTE KAPPSPELL
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no