skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Toppbanner Der ingen skulle tru 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
 
Der ingen skulle tru 4/3:

Eit verhardt landskap

Stadlandet, halvøya som overmodig skyt seg ut i det frøsande, farefulle Stadhavet, er eit av dei mest vêrharde landskap det bur folk i her til lands. Her rasar stormane, her bryt storbåra, her har folk nok med å klore seg fast.

Publisert 22.02.2007 17:05.
Indre Fure er ei lita grend, eit klyngjetun på sørsida av Stadlandet. Rett nok ligg husa meir i livd enn i mange av dei andre havgrendene her ute, men bakkane er brattare og jorda meir tungdriven enn nokon annan stad. Dessutan hadde folket lenge berre ein stig i ei stupbratt, rasfarleg fjellside å fote seg på når dei skulle heimanfrå, om det ikkje var råd å leggje utpå. Ein gong på 60-talet fekk dei ein slags bilveg, men snøskreda styrta i sjøen og stengde vegen – ein gong talde folket på Fure 27 ras som låg over den to kilometer lange strekninga – og sidan vegen kom, har styresmaktene knapt brukt ein spade eller ein neve sand på han.

Like fullt, folket på indre Fure vil bli verande. Sju menneske er dei, fordelt på fire heimar. Dei fleste har nådd pensjonistalderen, men eit par er framleis yrkesaktive og har sine stride tørnar mest dagleg. Kjell Fure er postmann på Stadlandet. Han har opplevd at havbåra har slege over vegen framfor bilen, han har stått innesperra mellom to skred utan å kunne varsle om vanskane, ja, seinast siste vinteren vassa han over rasa som stengde vegen, med postskreppa på ryggen. For posten skal fram. Kjell Fure er ein av dei som framleis set si ære i å leve etter det gamle mottoet.

Kona, Marit, har arbeidet sitt i ein helseinstititusjon i grannebygda og må også fare etter den farlege vegen i allslags vêr. Før køyrde ho skuleruta, og meir enn ein gong var det på hengande håret dei kom frå det med livet. Men når liene grønkar som hagar, kan dei ingenstad venare sjå.

– Om eg ville ha budd her om eg skulle starte på nytt? Postmannen dreg på det. Så ser han på kona og set opp sitt breiaste glis. – Å, jau, om ho Marit ville så…



 
 
10 SISTE DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no