skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Toppbanner Der ingen skulle tru 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
 
Søndag 4.12.

Fjellgrend som opplever eit tidsskifte

Margit steikjer strullar. (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK)
Margit steikjer strullar. (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK)
Sønnafor åsen, høgt over dalføret som strekkjer seg vestover frå Dokka, ligg ei bortgøymd, lita grend.
Ei tid var dei åtte-ti gardane i Åsligrenda heimstad for meir enn hundre menneske. No lever berre fire att, to i eitt hus, to i eit anna.

Publisert 28.10.2005 09:01.
På Nøssvold bur to damer, mora Margit og dottera Kari. Etter at mannen på garden døydde for seks år sidan, bestemte dottera seg for å ta over drifta. Kari orka ikkje tanken på å sende frå seg alle dyra og sjå at åker og eng voks att, slik det har skjedd på andre gardar.

Ystar og kinnar sjølv

Det fekk ikkje hjelpe at tankbilen nekta å køyre den krunglete vegen til gards for å hente mjølka, at ho sjølv måtte yste og kinne for at mjølka skulle komme til nytte, og at smøret skulle brukast til dyrefôr – endå ho hadde nytt og moderne produksjonsutstyr. Men pultosten blir i det minste til menneskeføde. Den bruker damene i sitt eige kosthald.

Velhalde

Kari (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK)
Husa på garden ber ikkje preg av å liggje mellom tun som er overlatne til seg sjølve. Bygningane er velhaldne, hagen er blomsterrik, og stova vitnar om at der bur ein kunstnar. Vegger og bord er dekte av pyntesame ting som hendene til Kari har forma, blomsterdekorerte bollar og fat, nissar og troll, oppsatsar og kransar av tørka blomster, ja, eit par kransar har ho jamvel bunde av lin frå eigen åker.

Tidsskifte

Men aller mest blomstrar Kari sjølv. Ho har fått seg kjærast, ein kjekk mann frå Oslo, og seinhaustes kjem han flyttande for å bli bonde i Åsligrenda. Samstundes er odelsguten ventande. Store ting skjer. Denne hausten vil folketalet i den avfolkingstruga grenda vekse med femti prosent. Vi er ved eit tidsskifte, jublar gamle mor Margit. Ho hadde aldri trudd at ho skulle få oppleve slikt eit under.


 
 
10 SISTE DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no