skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Toppbanner Der ingen skulle tru 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
 
Søndag 30.10. kl 20.45

Hunde-Per i gammen

Gammen til Hunde-Per (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK)
Gammen til Hunde-Per (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK)
Han bur i eit hus der både tak og vegger er torvtekte. Det ser ut som ein jordhaug, på skap som ein kvelvd båt, men inne i haugen, bak eit villniss av geiterams og hundekjeks, kan ein få auge på eit par gluggar, eit par småruta vindauge med blondegardinar.

Publisert 26.10.2005 21:43.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
– Eg bur i noko som er midt mellom ein gamme og eit vikinghus, seier han sjølv, ikkje så lite stolt.

Det er gått femten år sidan Hunde-Per, eller Per Sørflaten, som han eigentleg heiter, braut tvert av og forlét hus og heim og tidlegare arbeidsplass og søkte einsemda i eit torvhus ved inngangen til Laksefjordvidda i Finnmark.

Stille og enkelt liv

Hunde-Per (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK)
Her lever den tidlegare kraftverksmaskinisten utan innlagd straum eller innlagt vatn, og han prøver å leve lengst mogleg unna det ståk og stress han opplevde i det såkalla siviliserte samfunn.

Då han flytte, hadde han opparbeidd såpass mange pensjonspoeng at han greidde å halde liv i seg. Så mykje trong han ikkje heller, for målet er å vere mest mogleg sjølvhjelpt.

Maten er fisk han fangar i elva som renn like ved, eller i dei mange fjellvatna han har rundt seg, eller han feller eit dyr eller ein fugl med børsa si. I sommarhalvåret held han til ute i skog og mark og lèt naturen tale til seg, i mørketida kryp han saman i omnskroken og fordjupar seg i litteraturverda. Tolstoj og Dostojevskij er dei største.

Bøkene låner han i biblioteket på Kunes, ei mil unna, dit han tek seg fram ein gong i veka, på ski eller sykkel, avhengig av vind og vêr. Og les han ikkje, finn han fram trekkspelet sitt, og underheld både seg og sambuaren, ein lodden, logrande skapning, ein siberian husky.

Hunde-Per

Hunde-Per og hunden Giga Giga (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK)
Tilnamnet fekk Hunde-Per den gongen han innførte hundesporten i Finnmark. Interessa for å køyre hundespann oppstod i ungdomsåra på Svalbard, og då han vende tilbake til fastlandet, hadde han ein flokk grønlandshundar med seg.

Særleg kom han til å gjere ein stor innsats for dei funksjonshemma ved å ta dei med på tur med hundespanna sine. På det meste hadde han framimot tretti hundar, no har han ein einaste att, Giga Giga, dronninga. Det var for dyrt å skaffe fôr til alle.

Han vedgår at han kan kjenne seg einsam når det fyk og ryk som verst, og den einaste levande skapningen han har til selskap, er Giga Giga. Likevel angrar han ikkje på at han braut med sitt tidlegare levesett.

No har han har fred i sjela. Lønsslaven er blitt fri mann, humrar han og hengjer trekkspelet på seg. Men dei fleste tonane er mollstemde.


 
 
10 SISTE DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no