skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Toppbanner Der ingen skulle tru 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
 

Seks nye program

Programskapar Oddgeir Bruaset. (Foto: NRK)
Programskapar Oddgeir Bruaset. (Foto: NRK)
Så er fjernsynsserien om folk som bur på dei underlegaste stader i gang igjen, den fjerde hausten på rad.

Hittil er det laga 24 program, og neste år skal seks nye produserast.




Publisert 26.10.2005 12:30. Oppdatert 01.11.2005 11:38.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Søndag 30. oktober startar serien med historia om ein mann som bur for seg sjølv i eit hus som på utsida kan minne om ein torvhaug. Etter det kjem fem program til, med sending på søndagskveldane framover mot jul.

Rører ved oss

Programserien er blitt populær, på det meste har framimot ein million menneske følgd programma.

– Eg vonar at sjåarane ikkje berre opplever spenning og underhaldning, men at desse menneska rører ved noko i oss, seier programskaparen, Oddgeir Bruaset.

Kanskje lever dei eit liv mange drøymer om, men få har våga å satse på. Deira verd er fjernt frå asfalt og betong, fjernt frå jakta på status og materielle ting, fjernt frå kampen mot klokka, men nært den naturen dei har rundt seg.

– Meiningsfylt

Dei lever eit enkelt liv, og det verkar som om dei er tilfredse. Dei har hatt god tid til å tenkje, dei sit på mykje livsvisdom, og dei er i stand til å gjere greie for sine tankar og haldningar.

– Det kjennest meiningsfylt å lage desse programma, og eg vonar sjåarane sit att med noko når slutteksten rullar over skjermen, avsluttar Bruaset.


 
 
10 SISTE DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no