skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Toppbanner Der ingen skulle tru 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
 
Søndag 29.12

Sauøya - ein holme i havet

”Vi lever under fattigdomsgrensa, men det er ikkje mangel på pengar som er største problemet vårt. Vanskane som vi har møtt hos styresmaktene, er verre,” seier Tommy Rodahl. Saman med kona sa han farvel til bylivet og flytte til eit avfolka fiskevær langt vest i havet. No er dei to blitt fire.

Publisert 25.10.2002 10:29.

Heidi og Tommy Rodahl, ho Oslo-jente, han Lier-gut, orka ikkje bylivet lenger. Dei såg inga meining i å innrette livet etter klokka og fastlagde rutinemønster – stresset i rushtrafikken, innstempling og utstempling på jobben, alle avtalane som skulle rekkast, køgåing, køståing og ufritt blokkhustilvære. Dei ville vere fri, vere sin eigen herre og fylle dagane med noko som gav meining. Så braut dei tvert av og flytte – til eit så godt som avfolka fiskevær langt til havs på trøndelagskysten.

Skule heime på kjøkenet

Då dei steig i land på Sauøya ein vinterdag for nokså nøyaktig tretten år sidan, budde det fire tilårskomne menneske i det som ein gong hadde vore eit blomstrande fiskevær. No er alle dei borte. Til vederlag er dei to som flytte til, blitt fire, og dessutan har dei fått selskap av eit anna par. Folketalet er stabilt – 6 menneske på ein holme i havet. Skulen ligg på ei anna øy ein halvtimes båtreise unna, og dit fraktar faren eldstejenta morgon og kveld. Men er veret dårleg, og det er det ofte, blir kjøkenet heime omgjort til skulestove, med far eller mor som lærar.

Kampen for tilværet

Dei første åra livberga Heidi og Tommy Rodahl seg med å drive eit fiskemottak. For fiskarane var det kjærkomme å kunne levere fisken så langt til havs, og dei to bymenneska frå Austlandet tente brukbart med pengar. Men styresmaktene var lite innstilte på å hjelpe dei som søkte utkanten av utkantane. Møtte av eit EU-direktiv måtte dei ein dag stengje. Likare gjekk det ikkje med butikken dei dreiv. I sommarmånadene søkte dei som hadde flytt ut, tilbake til Sauøya, og den gamle handelsbua var god å ha. Også for fiskarane var det lettvint å kunne handle på Sauøya, så nær fiskefelta som været ligg. Men grossistane var ikkje interessert i å levere varer i så små kvanta som det trass alt var snakk om. Så vart det kroken på døra der òg.
I dag brødfør den vesle familien seg av nokre utegangarsauer og eit par kyr, Tommy har dessutan fått jobben med å vere oppsynsmann i Froan, øyriket han lever i, og endeleg blir det nokre kroner av skuleskyssen.


Ein fin plass for store og små

”Vi lever vel under fattigdomsgrensa, men det er ikkje mangel på pengar vi saknar mest,” seier Tommy. ”Det vi saknar, er tryggleik, trongen til å vite at vi skal få lov til å bu her. Ikkje er vi dyre for samfunnet heller,” legg han til. ”Her er ingen kriminalitet, her finst ikkje sosiale utgifter. Derimot skaper vi verdiar – så lenge vi får lov til å gjere det.”



 
 
10 SISTE DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no