skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Toppbanner Der ingen skulle tru 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Der ingen skulle tru at nokon kunne bu Sist oppdatert 17:18
 
Det er igjen klart for ein ny omgang med fjernsynsprogrammet ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, den femte i rekkja. I seks søndagar framover skal nye veglause og avsidesliggjande stader, der menneske framleis lever, trekkjast fram i lyset.

Der ingen skulle tru 25/3:

-Det mest ekstreme eg har gjort

Foto:Tor Sivertstøl
Den gongen små båtar med mast og segl rådde grunnen, var Nyksund eit av dei store fiskeværa i Vesterålen. Men då det kom ei motorisert tid som kravde store farty, vart sundet for lite, og skutene og fiskarfamiliane drog. På 80-talet var Nyksund folketomt, og forfallet greip om seg.

Elskar gamle hus

Foto:Rune A. Hansen
Først ut i vinterens serie er bergensaren Geirr Vetti, som vart sognebonde, og som er i ferd med å reise det eine prakthuset etter det andre på ein fjellskrent høgt over Mørkrisdalen i Luster.

Der ingen skulle tru 25/2:

Spesiell dame

Foto:Brede Røsjø
Ho heiter Ivanir Hasson, og dama er like spesiell som namnet ho ber. Mora var norsk, faren var egyptisk jøde, og begge var forretningsfolk. Men Ivanir tok avstand frå dei verdiane foreldra stod for. Ho ville lære seg å leve utan pengar.

Der ingen skulle tru 4/3:

Eit verhardt landskap

Foto:Tor Sivertstøl
Stadlandet, halvøya som overmodig skyt seg ut i det frøsande, farefulle Stadhavet, er eit av dei mest vêrharde landskap det bur folk i her til lands. Her rasar stormane, her bryt storbåra, her har folk nok med å klore seg fast.

Der ingen skulle tru 11/3:

Den siste viking

Jon J. Skaar er den siste viking. Foto:Tor Sivertstøl
Han er den siste viking. Som den einaste attverande langs heile den milelange fjordarmen Fyksesund i Hardanger lever 81 år gamle Jon J. Skaar framleis på den veglause ættegarden Skoro, høgt oppe i fjellsida.

Der ingen skulle tru 18/3:

Eit nytt og betre liv

Sisco og Karl Viggo Waldersløw  har fått eit nytt og betre liv. Foto:Brede Røsjø, NRK
Ho er fysioterapeut og dreiv eit stort helsesenter i Asker, der klientane hasta inn til rask behandling og fór ut att like stressa som dei kom. Han var datamann i Oslo, og kveld og morgon sat han fast i endelause bilkøar på veg til og frå jobb.

Seks nye program

Programskapar Oddgeir Bruaset. (Foto: NRK)
Så er fjernsynsserien om folk som bur på dei underlegaste stader i gang igjen, den fjerde hausten på rad. Første programmet kjem søndag 30. oktober.

Søndag 30.10. kl 20.45

Hunde-Per i gammen

Gammen til Hunde-Per (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK)
Han bur i eit hus der både tak og vegger er torvtekte. Det ser ut som ein jordhaug, på skap som ein kvelvd båt.

Søndag 6.11.

Familien på Skålid

Skålid i blåtimen (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK)
Langt inne i Fyresdalsheiane i Vest-Telemark, nesten inne ved fylkesgrensa mot Aust-Agder, ligg garden Skålid, heilt for seg sjølv.

 
 
10 SISTE DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no