skilleHør DK i nettradioen (brun) skilleMusikk: Bach eller Beatlesskille_slutt
3_1_banner
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet
 
 
Nye kvinner 1870-1940:

Pianotanter

Inger Elisabeth Haavet
Inger Elisabeth Haavet
Kvinner med musikk som næringsveg var det mange av da pianoet hadde si stordomstid i dei private rom. Og dei var ein krumtapp i datidas musikk- og kulturliv,seier historikar Inger Elisabeth Haavet.

Publisert 09.01.2002 10:26.
Kosmopolitiske, kvinnelege mønster over alt, fnøys ein riksdagsmann i 1907. Han refererte til den tidas nye kvinne, overgangskvinna, nåtidskvinna, den nye kvinna., og hennar mange identitetar: feministisk aktivist, sosialreformator, populærforfattar, avantgardeskribent, poet, dramatiker, journalist.

Og i dette selskapet finn vi også pianotantene. Dei er knytta til pianofortets utvikling, som var på si høgd frå 1850 til 1920, da kom andre underhaldningsmedia,og musikk på boks.

Pianoet kler kvinnene

I Inger Elisabeth Haavets material frå Bergen var pianotantenes gjennomsnittsalder 29 år – men mange kvinner heldt fram med pianoundervising etter at dei gifta seg. Det var ein livslang kapital – og eit stort pre for ei gifteferdig ung kvinne. Og det var ei nisje med store ringverknader, ta berre for pianoproduksjon: i 1910 var det 21 pianofabrikkar i Norge med smått og stort, og det vart laga 800 piano og importert 1600. I Europa vart det laga 600 000 piano i 1910. Dessutan skapte heimemusiseringa stor marknad for noter, og interesse for og kunnskap om musikk som slo positivt ut også for andre kulturformer.

Komponistar

Men kvinnene dreiv ikkje berre med undervising, dei var også komponistar. Det er blitt gjort ei telling av norske kvinnelege komponistar fram til 1920, og 120 er registrerte med eigne komposisjonar. Frå Bergen i denne tida nemner Haavet Birgit Lund (1843-1913) med komposisjonar som Spørgsmaal og Svar og Halling, og dotter til Birgit Lund, Signe Lund (1868-1950) har ein stor produksjon med omkring 60 opusnummer, mest kjend er ho for stykket Legende. Inger Bang Lund (1876-1968) har komponert blant anna Nocturne og Humoreske. Desse tre finst på ein CD: Norsk Kulturråds klassikerserie, med den forunderlege tittelen ”Ole Olsen og 7 kvinnelige komponister.”

Krumtapp

Inger Elisabeth Haavet oppdaga pianotantene da ho arbeidde med doktoravhandlinga si: ”Nina Grieg – kunstner og kunstnerhustru” (finst i bokform), ho gjekk gjennom Bergens-avisene på leiting etter spor av Grieg-familien, og fann stadig annonser både for pianoundervising,og sal, kjøp og leie av piano. Med pengar frå Norges Forskningsråd er ho nå i gang med prosjektet ”Musikk som næringsvei i Bergen ca 1850-1920”. Haavet arbeider ved Senter for Samfunnsforsking, Universitetet i Bergen.

Alt nå er det klart at svaret på Haavets spørsmål: ”Pianotanten – peppermø i bakevje eller musikalsk krumtapp?” har berre eitt svar: Krumtapp, med store ringverknader.

Av Astrid Brekken

Sånn er livet, NRK P2, onsdag 9. januar 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Sånn er livet: programleder
25 SISTE SÅNN ER LIVET
 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no