skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Bianca Jaggers virkelege liv

Foto: Astrid Brekken
Foto: Astrid Brekken
Bianca Jagger fekk i desember 2004 den alternative Nobelprisen i Stockholm. At ho har vore gift med Mick Jagger i The Rolling Stones er kjent. Men til NRK P2 seier Bianca Jagger at dei åra var ein parentes i livet hennar. I over tjue år har ho vore ein forkjempar for menneskerettar og miljø.

Publisert 22.12.2004 18:05. Oppdatert 27.12.2004 12:09.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Bianca Jagger kallar seg ikkje ein aktivist, men ein forkjempar - som enkeltmenneske og saman med organisasjonar som Amnesty, Human Rights Watch og Washington Office for Latin America har ho arbeidd for menneskerettar, mot dødsstraff, mot barneprostitusjon, mot vold mot kvinner, mot vestlege selskaps rasering av miljøet i fattige land, og ho er ein skarp kritikar av invasjonen i Irak.

Diktatur

Ho meiner at oppveksten hennar i Nicaragua, eit land med diktatur i 43 år, har vore med på å forme hennar syn på verda og på urett og undertrykking, både politisk og personleg. Foreldra skilde seg da ho var ti år, og ho fekk erfare at ei skilt mor ikkje hadde det lett i eit katolsk samfunn.

Brukar namnet

Prisen Bianca Jagger har fått - The Right Livelihood Award, ofte kalla den alternative Nobel-prisen – vart oppretta i 1980, og er ein pris til menneske som har forslag til løysingar på dei største utfordringane i vår tid.
Wangari Mathai, som fekk Nobels fredspris 2004, har tidlegare fått The Right Livelihood Award. Og Nobel-komiteens grunngjevinga for at Mathai fekk prisen – at fred også omfattar miljø, har Jakob von Uexkull, som stifta den alternative Nobelprisen, meint frå starten.
Bianca Jagger og Jakob von Uexkull Foto: Astrid Brekken

I grunngjevinga for at Bianca Jagger får prisen står det: Ho har gjennom mange år vist korleis det å vera berømt kan brukast i innsatsen for dei utbytta og vanskelegstilte.




Dødsskvadronar

Det har også ført henne inn i farlege situasjonar – fordi ho har reist til stader med krig og uro – som i 1981 i Honduras. Da var det rykte om at dødsskvadronar frå El Salvador gjekk over grensa til Honduras, der det var oppretta flyktningleirar, og førde menn tilbake over grensa og drap dei. Regjeringa i El Salvador drap politiske motstandarar med økonomisk og militær hjelp frå USA. Ho reiste i ei gruppe frå den amerikanske kongressen, og da dei kom til ein leir i FN-regi, opplevde dei at tungt væpna soldatar kom og tok med seg førti menn.
Gruppa – saman med dei bortførde mennenes koner og barn – sprang etter soldatane og fangane, og etter bortimot ein halvtime kom dei så nær at soldatane stansa og sikta på dei med geværa. Gruppa ropte at dei ikkje let seg skremme, og at verda skulle få vite kva som skjedde. Etter rådslaging let soldatane fangane gå og drog tilbake over grensa til El Salvador. Bianca Jagger seier at hendingar som dette har vist henne kor viktig det er å vera til stades og å vera eit vitne.

Barn ramma av krigen

Foto: Astrid Brekken
Hendingar under krigen i det tidlegare Jugoslavia har også brent seg fast. I 1993 bad Helsinki-komiteen Bianca Jagger om å vera med på å dokumentere masse-valdtektene av bosniske kvinner.
Ho kjenner at det å prøve å redde livet til to barn er noko av det viktigaste ho har gjort, to bosniske barn som ikkje kunne få behandlinga dei trengde under krigen i det tidlegare Jugoslavia. Sjukehuset i Tusla var blitt bomba, og legane bad henne få vesle Muhammed og Sabina ut av landet, elles ville dei døy. Men det viste seg å vera svært vanskeleg å få transport til barna frå Tusla, og sjølv om Bianca Jagger brukte alle dei vegar ho visste om, tok det for lang tid. Seksåringen Sabina døydde, ho hadde leukemi.

Blått barn

Ho måtte bli venner med Muhammed, som var blitt overlatt mykje til seg sjøl på sjukehuset, ho kom kvar dag, og fortalde han at ho vona få eit helikopter og at han skulle få koma til Amerika.
Muhammed på åtte med hol i hjarta - eit blått barn - greidde Bianca Jagger få til New York, han vart operert, og budde hos henne i eitt år medan han fekk behandling, nå er han frisk.

Mord med statens velsigning

Bianca Jagger vil gjerne snakke for dei som ofte ikkje har ei stemme: barn, kvinner, urfolk, dødsdømde. Ho fortel at ho var vitne til eit statsautorisert mord, ein svart trettiårig mann, Gary Graham i Huntsville i Texas. Mange meinte han vart uskuldig dømt for mord da han var sytten år. Guvernøren i Texas heitte den gongen George W. Bush, og han kunne ha redda Graham, men gjorde det ikkje. Graham ville at Bianca Jagger, som var kjend som motstandar av dødsstraff, skulle vera der når han vart tatt av dage:
Ho seier at denne hendinga sit i henne for alltid, og ho siterer Graham, som medan gifta tok til å virke, heldt ei sterk og rørande tale: han sa han ikkje døydde forgjeves dersom hans sak gjorde at fleire fekk augo opp for at uskuldige blir drepne i USA - fordi dei ikkje får den rettshjelpa dei har krav på. Og ho legg til at når det gjeld å setja dødsstraff ut i livet scorar dagens president i USA høgt - ho seier at 152 personar vart avretta i Texas i dei fem åra George W. Bush var guvernør der.

Geriljakrig

Krigen i Irak, som ho ser på som eit trugsmål mot freden i verda, set også tale, trykke- og rettsfridomen i fare.
Berre tre veker før USA og Storbritannia gjekk til krig i Irak, var Bianca Jagger med i ei gruppe fagfolk frå 28 ulike universitet som reiste til Irak for å snakke med irakarar og høyre deira meining som den planlagte invasjonen. Alle – også dei som ynskte å bli kvitt Saddam Hussein – sa at det ville vera eit stort mistak, og at det ville resultere i geriljakrig. Ho er svært pessimistisk når det gjeld kva som vil skje i Irak.

Ekteskapet ein parentes

Da Bianca Jagger var 16 år fekk ho eit stipend for å studere statsvitskap i Paris, og det vart ei svært viktig tid for henne – 60-70-talets Europa viste henne kva demokrati, fridom, rettstryggleik var, og ho såg også fram til eit samfunn med større likestilling mellom kvinner og menn.

Ho møtte Mick Jagger i Paris, dei gifta seg i 1971 i St. Tropez – og sjølv om ho, som ho seier - burde ha visst betre, var det først da ho vart fullt klar over kva kvinnediskriminering er.
Ein lærer av sine mistak, seier Bianca Jagger, som kallar ekteskapet med Mick Jagger ein parentes i livet, og at den ho eigenleg er er å finne før og etter samlivet med Rolling Stone-artisten.
Bianca og Mick Jagger skilde seg etter åtte års ekteskap, dei har dottera Jade saman.

Ikkje feile for andre gong

Bianca Jagger har ikkje gifta seg igjen, både fordi ho som katolikk ikkje vil risikere nytt skilsmål, og ho trur ikkje menn er så interesserte i å leva med ei kvinne som stadig reiser verda rundt – Irak, Afghanistan, Pakistan. Ho ser ikkje nok til dei to barnebarna sine, dei bur i London og Spania – mor hennar er på sjukehus i Los Angeles, systera bur i Florida. Familien er spreidd for alle vindar.

Jordskjelv

Sjølv om Bianca Jagger levde eit jet-set liv med Mick Jagger, var ikkje denne tida heilt fri for humanitær innsats:

Bianca Jagger fekk veta at Nicaragua var ramma av jordskjelv julekvelden 1972 da ho og Mick Jagger sat ved middagsbordet. Dei reiste straks til Nicaragua, og Bianca Jagger gjekk rundt i ruinane og leita etter mor si og familien – ho fann dei i ein annan by.
Ho seier at det korrupte Somoza-regimet stakk pengar frå det internasjonale samfunnet til dei jordskjelvramma i eiga lomme, noko ho trur var med på å tenne revolusjonsviljen i folket.
Ho fekk Mick Jagger og The Stones til å halde ein konsert til inntekt for hjelpetiltak i Nicaragua, dei fekk inn 280 000 dollar, som ho drog tilbake til Nicaragua med. Først reiste ho rundt for å finne ut kvar dei trongst mest. Da blanda fru Somoza seg inn i kva pengane skulle brukast til, ho var sjef for helse- og sosialssaker, og ville ha pengane til eit sjukehus som dei var i ferd med å byggje. Fru Somoza fekk ikkje pengane frå Stones-konserten, og i tillegg kritiserte Bianca Jagger bruken av 60 millionar dollar USA hadde gitt i naudhjelp. Etter det kjende ho at det var risikofylt for henne å reise til Nicaragua så lenge Somoza sat ved makta.

Mot alle odds

Bianca Jagger har heva stemma og vore eit vitne i svært mange konflikter og saker verda over. Ho har mykje å vera stolt av – og kva vil ho sjølv trekkje fram?
Ho fortel om massakren av 8000 menneske i Screbrenica under krigen på Balkan – i eit område vakta av FN – eit såkalla trygt område, som i røynda var ein konsentrasjonsleir. Bosniske serbiske tropper stod for ugjerninga. FN og alle involverte land, bortsett frå Nederland, har prøvd å dekkje over det som skjedde. Lenge arbeidde Bianca Jagger for at det skulle opprettast ein undersøkingskommisjon i regi av FN, utan å lykkast.
Ho nådde fram til slutt, etter at ho gjekk til kvart enkelt lands FN-ambassadørar.
Og den bosniske FN-ambassadøren var den som måtte koma med den offisielle oppfordringa til ein slik kommisjon.
Han sa han risikerte jobben og karrieren - og det har vist seg å vera rett - men han gjorde det.
Generalforsamlinga i FN vedtok forslaget – men det er mykje å seia om granskinga, og om at personar som burde vore stilte for retten ikkje er blitt det fordi dei veit for mykje om det som skjedde i Srebrenica.

Barneprostitusjon

Etter meir enn tjue års kamp for rettferd og for dei svake, kva har sett seg mest fast i henne?
Igjen nemner ho vesle Sabina – at ho ikkje greidde få henne til behandling tidsnok, er eit bittert minne.
Og barn bortførde til bordell i Calcutta - møtet med dei har vore med på å avgjera at barneprostitusjon er ei av dei viktigaste sakene på den framtidige dagsorden for Bianca Jagger. Ho fortel om jentungane som ber på sine kne om å få bruke kondom for å unngå å bli hivsmitta, men som blir tvinga til å ligge med menn som tydeleg ber preg av å ha aids. Det eksisterer ei forestilling mange stader i verda om at dersom ein mann ligg med eit barn eller ei jomfru blir han kurert av sjukdomen.

Av andre saker Bianca Jagger engasjerer seg i nå er overgrepa mot indianarar i Ecuador, der
sit verdas nest største energiselskap ChevronTexaco på tiltalebenken for å ha øydelagt regnskog og gjort folk alvorleg sjuke på grunn av tjue års oljeforureining i Oriente, ecuadoriansk Amazonas.


Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, søndag 26.12 kl 8:30 og torsdag 30.12 kl 14:30 2004



 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no