skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
DRONNING KRISTINA(1626-1689):

- Takk Gud, for mi mannlege sjel

”Det er umulig for meg å gifte meg. Grunnene tier jeg om. Men mitt sinn er ikke innstilt på det. Jeg har flittig bedt Gud gi meg det sinnelaget, men jeg har aldri fått det.”

Publisert 19.06.2003 09:50. Oppdatert 23.07.2003 10:43.
SE OGSÅ:
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Kvifor sa dronning Kristina Vasa, fødd 1626, under sterke protestar frå seg krona til det den gongen mektige riket Sverige - ligg svaret i dette ho seier om ekteskapet?

Den 28 årige dronning Kristina, forkynner at ho abdiserer. Året er 1654. At dronning Kristina gjekk over til katolisismen er blitt sett som ein avgjerande

grunn til denne handlinga. Men sjølv sa ho at det krev større mot å gifte seg enn å dra i krigen, og det var truleg slik ho kjende det, den unge dronninga, da presset til å gifte seg auka. Ho trudde ikkje ho kunne skaffe Sverige ein tronfølgjar.

- Det er det som gjør at jeg ble interessert, seier overlege Ragnar Stien. – Alle som les historie vil spørja seg korleis dottera til den store sigrande protestantiske monarken Gustav Adolf kunne abdisere og konvertere til katolikk. Det er som om Churchill i 1944 skulle flykte til Hitler og gå i hans teneste. Men som medisinar stussa eg da eg las skildringa av Kristinas fødsel:

”Jeg ble født med seierslue, og bare ansiktet, armene og bena var frie. Jeg var lodden over hele kroppen, og hadde grov, sterk stemme. Dette gjorde at jordmødrene trodde jeg var gutt. De fylte hele slottet med sine falske gledesrop, og bedro også en stund kongen selv. Håp og lengsel samvirket til å villede alle, og en stor forlegenhet spredde seg blant kvinnene da de oppdaget at de hadde tatt feil. Kongens søster Katarina bar meg fram for ham, og han sa: ”Søster, la oss takke Gud. Jeg håper at denne piken skal bli til like stor velsignelse som en gutt.” Han befalte at det skulle synges Te Deum, og de gledesfester som var vanlige når en mannlig tronefølger ble født skulle feires. Med andre ord – han var like storsinnet i dette tilfellet som i alle andre.”

Hermafroditt?

Det som slo Ragnar Stien var at den nyfødde prinsessa truleg var hermafroditt – ho hadde ytre kjønnsorgan som virka forvirrande. Men det er ingen tvil om at ho hadde menstruasjon, og var kvinne. Samtidig søkte ho medisinsk kunnskap om avviket sitt – ho var ikkje som andre kvinner.
Bildet som blir teikna av dronning Kristina av Sverige har mange nyansar, frå ovasjon til sarkasme. Det gjeld både dei som møtte henne da ho levde og dei som har skrive om henne i ettertid. Hollywood-versjonen med Greta Garbo treffer med overlegg ikkje målskiva. Dronning Kristina trippa ikkje rundt i små sko – mange samtidige
seier ho gjekk i mannssko.Dei franske
kvinnene kalla henne ”petit garcon”, og ho fekta, drog på jakt og var eit arbeidsjern. Ho hadde kraftig ørnenase, store, litt utståande augo, og den eine skuldra var lågare enn den andre. Ho var dynamisk, lærd og skarp i kjeften. Ho meinte ho hadde eit spesielt kall: å skape fred i Europa. Det lykkast ho ikkje med. Ho var var lite interessert i klær, smykke og luksus, og dei fleste kvinnesysler var henne fjerne.Ho ville gjerne ha svar på kva som er sant, og kalla inn Descartes. Med han hadde ho utvekslingar om lidenskap, vennskap og kva sanning er. Descartes døydde i det kalde Stockholm, forfattaren og historikaren Sven Stolpe skriv ironisk at det er Sveriges einaste filosofiske innsats.

Sanningssøkjande

Ho meinte at sektvesenet blant protestantane tydde på at denne retninga i alle fall ikkje var den sanne kyrkja. Ho var inne på tanken om at religion var eit politisk påfunn for å halde folk nede, og jakta på farlege bøker, blant dei ”Les trois imposteurs”: Moses, Muhammed og Kristus. Ikkje minst var ho opptatt av konflikten mellom naturvitskapen og den kristne læra. Som mange i samtida var ho opptatt av alkymi. Ho var tilterkt av fritenkjaranes tolerante katolisisme var mot religionsforfølgjing, og såg seg sjølv som stoikar. I takt med tida tapte stoisismen for kristen pessimisme, men Kristina stod lenge framand for ei kristen lære om menneskets hjelpeløyse.

Ho var ingen brennande kristen, men interessert i religiøse spørsmål, og jomfrudyrkinga og sølibatet i katolisismen var henne kjærkomne. Ettertida meiner ho levde avhaldande.

Kultursentrum

Da ho kom til Roma vart ho mottatt med stor prakt og fanfare – ho kom til inkvisisjonens Roma.
I si tid der hadde ho kontakt med fire pavar, som ho ikkje alltid omtala i prydelege ordelag. Ho var eit kulturelt sentrum, ho oppretta teater og knytta til seg musikarar, blant dei Arcangelo Corelli og Alessandro Scarlatti. Corelli dediserte sitt første verk, Sonate da chiesa opus 1, til henne. Dronninga hadde sterke litterære ambisjonar, og samla rundt seg ein stab av diktarar. Ho skreiv skodespel,essay og ei utruleg mengde maximer eller aforismer. Fleire av maximene gjev klar beskjed om at kvinners stilling i ekteskapet er uverdig og fornedrande:

”Kjærlighet og ekteskap er nesten uforenlige. Nonner og gifte kvinner er ulykkelige, men på forskjellig måte.”

Ho skyt også på kvinnene – og deira motiv for å gifte seg:

”Alle kvinner som vil forlyste seg skaffer seg en mann. Om jeg hadde vært svak, ville jeg som så mange andre giftet meg for å forlyste meg og nyte mine privilegier.”

Dronning Kristina hadde sterke drifter og tala opent om sine freistingar. Ho sa at om ho hadde vore fødd mann, ville ho kanskje kasta bort livet sitt på eventyr med kvinner.

På kne

Ho elska ein mann som ho testamenterte alt etter seg – kardinal Azzolino.
Det finst ein korrespondanse dei i mellom, som viser at dronninga var i høg sjø – ho elska ein kyrkjas mann ho ikkje kunne få, og som ikkje brann av den same lidenskap som ho.
Den 26. januar 1667, frå Hamburg, sende Kristina sende sine mest nakne kjærleiksord til kardinal Azzolino:

”Jeg vil tilføye at min hensikt er – ved hjelp av Guds nåde – aldri å krenke ham og aldri gi Dem anledning til å føle Dem krenket. Men denne beslutning skal ikke hindre meg i å elske Dem inn i døden. Og fordi kirkens regler fritar Dem fra å være min elsker, fritar jeg Dem fra å være min tjener, for jeg vil leve og dø som Deres slave.”

Sven Stolpe ser dette brevet som eit av dei viktigaste dokumenta i dronning Kristinas sjølvbiografi. Overmenneskehaldninga, at ho i alle samanhengar ville vera suveren, at ho aldri kunne tenkje seg å vera avhengig av nokon, og aller minst seksuelt, er borte,det finst ingenting att av den stolte overtydinga om at ho alltid rådde over lidenskapen, det ho ein gong uttrykte slik:

”Havet er et bilde på de store åndene. Hvor opprørte de enn kan være, er de alltid rolige i dypet.”

Aforismen har i seg klangen frå talen hennar under abdikasjonen 6. juni 1654 på Uppsala slott:

”Jeg takker Gud, den allmektige, som lot meg fødes av kongelig slekt og opphøyet meg til dronning over et så stort og mektig rike, og fordi han skjenket meg så stor framgang og velsignelse.
Under min tiårige dronninggjerning har jeg aldri gjort noe som jeg angrer.
Så langt mine krefter har tillatt, har jeg ofret min ro for å styrke deres, og for å skaffe dere de fordeler dere nå nyter. Min egen samvittighet feller en godkjennende og frikjennende dom over hele min regjeringstid.”

Det er i den unge, overmektige dronning Kristina-stilen, og med desse orda overlet ho krona til fetteren Carl Gustav.
Lenge elskar ho storm og fryktar vindstille, ho er eit stort, modig menneske, og ho veit det sjølv:

”Jeg takker deg Gud fordi du ikke har belastet min sjel med en kvinnes svakheter, men gjennom din nåde gjort den helt mannlig, slik som resten av meg.”

Sven Stolpe skriv i si bok om dronning Kristina:
”Framfor alt må ein hugse at dronning Kristina ikkje var skapt som andre kvinner. Ho var skremt av ekteskapet, ho rygga attende for tanken på å føde barn, ho avskydde – som ho sjølv ein gong sa – ”å vera ein åker for mannens plog.”
Ho hadde også sterke islett av kvinneforakt, og kalla gravide kvinner kyr. Men samtidig dyrka ho enkelte kvinner, blant dei den vakre adelskvinna Ebba Sparre, det finst varme brev frå Kristina til henne.

Som resignert eldre kvinne skriv ho:

”Man må forlate verden like naken som da man trådte inn i den. Alt bør gå under i oss før vi selv går under. La oss ikke vente på det siste øyeblikket i livet for å miste universet av syne. Universet kommer uten tvil til å forsvinne fra vårt blikk, alt og alle kommer før eller senere til å overgi oss. Dette må man være forberedt på, og av egen vilje bestemme seg for å forlate alt. La oss fra og med nå stå ensomme overfor Gud, han alene er nok for at vi skal kunne leve og dø lykkelige.”

Dronning Kristina Vasa av Sverige kviler i Peterskyrkja i Roma, gravmælet hennar er til høgre like etter at ein kjem inn i kyrkja.

Juni-serie i På livet laus: KREATIVITET og AVVIK - med barokk-kunstnaren Magnus Berg, dronning Kristina av Sverige, og Den heilage Birgitta.


Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, søndag 22. og torsdag 26. juni 2003


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no