skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Naturens verden 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Naturens verden Sist oppdatert 16:38
NRK RADIO P1
 
 

Naturens verden - spennende opplevelsesradio hver søndag kl 09.03 i Norges største radiokanal - NRK P1.

E-post:

Naturens verden
0342 Oslo


 

Villsvin i Finnmark

Dei går ute året rundt, dei får ungar i minus 30 grader utan hjelp frå bonde og veterinær og dei et brunost dagen lang. I Finnmark har villsvin blitt ei ny næring og bøndene har stor tru på framtida.

Publisert 23.04.2004 12:32. Oppdatert 23.04.2004 12:36.
Alle villsvins skrekk og siste endelikt...
Etterspørselen etter villsvinkjøt er stor men problemet er at ein del av bøndene må sende dyra heilt til Målselv i Troms for å få dei slakta og da får dei kjøtet frose tilbake. Bøndene jobbar derfor med å bygge heimeslakteri og gardsbutikkar slik at kundane kan få ferskt kjøt.

Naturens verden besøker villsvinbonde Tor Harald Johansen i Kåfjord og Bengt Jensen i Talvik i Alta. Begge satsar stort på villsvin og Jensen har investert i eit mobilt gatekjøkken, eller viltvogn, som han har dekorert med villsvin, elg og rein. I påska var han på plass i Kautokeino og sunn viltmat fikk bein å gå på. No satsar han på å plassere viltvogner i Tromsø, Trondheim, Oslo og Bergen. Konseptet Artic Food kan da tilby gourmetmat av vilt frå Finnmark til heile landet.

Mange er skeptiske til å ha villsvin i nærmiljøet. Dei meiner dei er farlege og at dei kan angripe menneske dersom dei rømmer frå innhegningane. Det er også frykt for at villsvin kan etablere ville stammar dersom dei rømmer.

Bøndene i Kåfjord og Talvik tilbakeviser dette. Dei vandrar begge rundt inne hos villsvina og meiner at doble gjerder med straum hindrar dyra i å stikke av. Dersom nokon skulle komme seg ut vil dyra straks komme heim igjen til foringstrauet og villsvin vil ikkje klare å overleve ein Finnmarksvinter ute i det fri, seier Johansen og Jensen.

I Naturens verden søndag 25. april skal vi også til Mjøsa. Innsjøen har fisk som ligg på verdstoppen når det gjeld innhald av miljøgifta Bromerte flammehemmarar. I eit brev til Statens forureiningstilsyn krev fylkesmennene i Oslo, Akershus, Oppland og Hedmark at det må settast av pengar til undersøkingar og overvaking av Mjøsa.

Vi skal også til Bergen og besøke vestlandsavdelinga av Natur og ungdom. Kva er det som får ungdommen til å engasjere seg, og kva jobbar dei med?

Naturens verden søndag 25.04.04, kl. 09.03 på NRK P1.

Tekst og bilde: Tove Fugelsnes


 
banner m lenke 180 matserie 04
arkiv naturens verden m banner 180
naturopplevelse banner 180
blom nytelser banner 180
 
 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no