skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Ree fekk årets Kringkastingspris

Egil Johan Ree får blomster av Olga Meyer
Egil Johan Ree får blomster av Olga Meyer
Enkle formuleringar - men rikt ordforråd. Det var grunngjevinga frå juryen, då dei i dag ga Her og Nå-kåsør Egil Johan Ree Kringkastingsprisen 2001.

Av Henning Olstad. Publisert 20.04.2001 11:02. Oppdatert 20.04.2001 16:04.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
64 år gamle Ree fekk prisen i foajeen på Det Norske Teatret i føremiddag. Prisen blir delt ut kvart år til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Ree mottar prisen av Jon Låte

Språkleg føredøme

- Kringkastingsringen ønskjer å heidre deg fordi du lenge har vore eit språkleg føredøme både for kollegaer og oss andre, sa styreleieran Jon Låte då han delte ut prisen; eit grafisk blad "Delt stein" av kunstnaren Sveinung Iversen frå Voss.
- Egil Johan legg mykje arbeid i språket og får lyttaren til å spisse øyra og bli ved radioapparatet. Framføringa til Egil Johan og den intelligente humoren hans gjer Her og Nå-kåseriet til dagens høgdepunkt for mange, sa Låte.

- Første prisen

Ree takka for prisen på humoristisk vis:
- Eg har aldri fått nokon sjikanerande brev eller telefoner frå lyttarane - slik sett har eg vore heldig. På den andre sida har eg heller aldri fått nokon pris. Derfor var dette svært moro. Tusen takk!

NRK-veteran

Egil Johan er oppvaksen på Jæren og byrja i NRK Dagsnytt i 1963. Han har vore utanrikskorrespondent i Moskva, var redaksjonssjef ved NRK Rogaland i perioden 1977-1988.
I dag har han arbeidsplassen sin i Stavanger, kor han skriv sine skråblikk i Her og Nå - og i tillegg omsett ei rekkje bøker både til nynorsk og bokmål. Mellom anna boka til den britiske historikaren Eric Hobsbawn "Ekstremismens tidsalder. Det 20. århundrets historie".

Ree er den andre Her og Nå-medarbeidaren som får prisen. Programleiar Kari Sørbø fekk den i 1995.

Tidlegare prisvinnarar  
2000 Siri Lill Mannes 1988 Sigvart Østrem
1999 Ingolf Håkon Teigene 1987 Gunvor Hals
1998 Ingvild Bryn 1986 Ingrid Espelid Hovig
1997 Bjørn Bø 1985 Svanhild Mundheim
1996 Astrid Versto 1984 Steinar Brauteset
1995 Kari Sørbø 1983 Andreas Lunnan og Gustav Moberg
1994 Ragnhild Sælthun Fjørtoft 1982 Herbjørn Sørebø
1993 Oddgeir Bruaset 1981 Olga Meyer
1992 Astrid Brekken 1980 Rolf Myklebust
1991Martin Lohne 1979 Henning Rivedal
1990 Per Riste 1978 Hartvig Kiran og Arthur Klæbo
1989 Nils Gunnar Lie  
LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no