skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Dyster framtid for mannen

Opplysningar frå Statistisk Sentralbyrå viser at det ikkje lenger er sjølvsagt at menn stiftar familie. Gruppa av barnlause menn aukar, samtidig som stadig fleire menn får barn med meir enn ei kvinne.
Av Egil Johan Ree

Publisert 26.10.2004 13:58.
Nå må mannfolka skjerpa seg - i alle fall dei som har ambisjonar om å stifta familie og føra slekta vidare. Dette går fram av Dagbladet i dag. Der kan vi lesa at kvinnene av i dag er blitt meir kravstore. Ikkje kven som helst blir funne verdige til å bli ektemenn eller sambuarar og eventuelt far til barna deira. Dagens kvinner vil heller ha barn med menn som alt frå før er fedre. Statistikken viser at kvar fjerde mann på førti år i dag er barnlaus. Som forskaren Kari Skrede seier: det er snakk om resirkulering av pent brukte menn.

Ugifte menn som ønskjer å få familie og bli fedre, må altså gjera seg meir attraktive for dei kresne damene. I dyreverda er det, som vi har sett i tallause naturprogram, hannen som på ulikt vis syner seg fram som den tøffe og sterke. Han briskar seg og viser kreftene sine ved å banka opp og jaga bort plagsame rivalar. Den sterkaste vinn og kan ta for seg av damene i flokken.

Denne elementære metoden bør ein kanskje ikkje tilrå i menneskeverda, og ikkje hadde han hjelpt stort heller, for det er andre ting enn fysiske krefter damene ser etter. Den statistiske undersøkinga viser at det mange av kvinnene gjerne etterlyser hos mannen, er høg inntekt og høg utdaning. Har mannen det, er han attraktiv, og dessutan er det større sjanse for at han får barn og blir buande saman med dei. Og så er det altså ein fordel om mannen har barn frå før og dermed røynsle som far.

Som ein skjønar, ser det ikkje lyst ut for mannen dersom denne tendensen held seg. Menn som ikkje greier å skaffa seg dame på vanleg vis, bør kanskje ta seg ein tur til Kenya og søkja råd hos den 85 år gamle Ancentus Danger Akuku som gjennom eit langt liv har hatt 130 koner. Han gifta seg første gongen i 1939 og sist for fem år sidan med ei 20 år gamal jente som han nå har to barn med. Rett nok har han opp gjennom åra skilt seg frå 85 av dei 130 konene, men i lokalsamfunnet blir han sett på som ein helt og eit førdøme.

Nå er det sjølvsagt ikkje tillatt å ha så mange koner her i landet, men den flittige Akuku kunne kanskje bidra med eit og anna tipp om korleis ein gjer seg tiltrekkjande for damene. Dagens avsløring viser at stadig fleire menn kjem til å trengja alle dei råd dei kan få om dei skal lykkast i å skaffa seg make og familie.



















 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no