Lykkeland
Foto: Helge Skodvin / Maipo Film/NRK

Smakebitar på NRK-hausten

Gjer det noko med deg å vekse opp utan kontakt med faren din? Er det personar eller hendingar som har endra deg, gjort noko med deg for alltid? Og kva gjorde det med det norske samfunnet at vi blei ein styrtrik oljenasjon?

Dette er spørsmål og tema du kan høyre eller sjå på NRK til hausten. Gjennom drama og dokumentarar viser vi både enkeltskjebnar og dei lange linjene i norsk samfunnsutvikling.


Uten pappa

Komikar Mikkel Niva har aldri hatt noko forhold til faren sin. «Kvifor klarte du ikkje å vere pappaen min», spør han i denne personlege dokumentarserien.

Mikkel veit ikkje heilt kva han føler for faren. Skal Mikkel ta sjansen på å bli kjent med han (på ny), og kanskje finne ein pappa han vil ha, ein som kjennest som ein pappa på ordentleg? Det inneber jo risikoen for det motsette også.

Er det dessutan mogleg å få ein relasjon til ein forelder som alltid har vore fråverande?

På ein ekte, modig og humoristisk måte utforskar Mikkel si og faren si historie, og vi følger han gjennom prosessen med å finne ut om dei kan ha eit ekte far-son forhold.

Uten pappa har premiere i september.


Lykkeland

Lykkeland tek oss til sommaren 1969 i Stavanger, til ein by i krise.

«No er det ein brønn igjen. Det er vår siste sjanse før alt håp er ute. Viss denne brønnen er tom, kjem det siste selskapet til å trekke seg ut. Verfta er allereie i krise, hermetikkindustrien likeså. Restaurant- og hotellnæringa har knapt nok belegg. Nordsjøen er tom for fisk. Arbeidsløysa er rekordhøg. Ingen nye tråler blir bygd, ingen nye tomter blir selt. Utan ny industri har ikkje Rogaland nokon bein å stå på.»

Anna (20) tek notat av det ordføraren seier. Som sekretær er ho også med i møta med amerikanarane og blir vitne til forhandlingane. Om det verkeleg finst olje på norsk sokkel, kven skal få utvinne ho? Skal olja vere i private hender, som i USA? Kjærasten hennar, Christian jobbar som dykkar for amerikanarane trass i at han kunne tatt over familiebedrifta, Nyman Konservering og Rederi.

Toril (17) er ein av arbeidarane der. Ho er blitt gravid med ein amerikansk oljearbeidar som har reist frå byen. Dei djupt religiøse foreldra hennar kan ikkje akseptere eit barn utanfor ekteskap.

Den unge amerikanske advokaten Jonathan (28) fra Texas komme til Stavanger for å få Philips Petroleum ut av avtalen med den norske staten. Men vesle julaftan 1969 finn selskapet Ekofisk – eit av dei største oljefelta som nokon gong er funne til havs.

Det endrar alt.

Historia til desse fire unge menneska er vevd tett saman. På ulikt vis formar oljeindustrien liva deira, og dei blir påverka av alle samfunnsendringane i denne tidsperioden; utviklinga av velferdsstaten, framvekst av likestilling, arbeidsinnvandring, EF-kamp og større privat rikdom.

Lykkeland har premiere i oktober.

Elefanten

- Gud! No sit eg og sippar på kontoret for dette er veldig sterkt. Dette trur eg er noko av det største som kunne skjedd. Dette har eg tenkt så mykje på, i alle desse åra.

Det er eit stort augeblikk for filmskaparen og manusforfattaren Grethe Bøe-Waal då ho får vite at den ukjende som snudde livet hennar heilt den gongen for 20 år sidan, lever og bur i Oslo. Det var eit tidspunkt då Grethe leita etter ein måte å sleppe å leve på, eit forsvinningsnummer. Men eit menneske redda henne, utan å vite det.

Finst det ei hending eller ein periode då noko endra seg for alltid? Noko som er uløyst eller som du aldri har fått sagt til nokon? Er ikkje livet for kort til å ikkje få gjort noko med det?

I historia om Trond går vi over 20 år tilbake, til ein klassetur som vart svært dramatisk.

I podkastserien Elefanten av Kari Hesthamar møter du folk som finn mot til å gjere det som står ugjort og til å seie det dei aldri har sagt. Elefanten har premiere i september.


17

17 år gamle norsk-somaliske Abdi bur på Stovner i Oslo, og bruker fritida saman med kompisane sine. Dei festar, gjer det ok på skulen, flørtar med jenter og hamnar til tider i bråk. Det er snart sommarferie og tilsynelatande er alt som det pleier å vere.

Men det Abdi ikkje veit er at om 17 dagar kan livet hans bli snudd på hovudet.

Gjennom 17 episodar og 17 dagar tel vi ned. Men til kva?

17 er eit realistisk tenåringsdrama om vennskap, brorskap, dobbeltliv og Groruddalen. 17 har premiere i september.

Gåten Orderud

Den hvite kårboligen på Orderud gård
Foto: VG/Monster

Ei av dei mest omtalte drapssakene i Noreg er framleis ei gåte. 19 år etter trippeldrapet på Sørum i Akershus er det framleis uavklart kven som faktisk drap dei tre personane i kårhuset på Orderud gard.

Dokumentarserien "Gåten Orderud" (seks episodar) stiller spørsmål ved kvifor fire personar vart dømde for trippeldrap når vi ikkje veit kven som utførte drapa. Vi møter personar som på ulike måtar var involvert i saka eller etterforskinga og blir presentert for nytt materiale i saka.

TV-serien blir produsert av Monster for NRK. Samtidig som dokumentarserien blir laga, har VG og NRK inngått ein ny type samarbeidsavtale. Ein felles redaksjon frå VG, produksjonsselskapet Monster og NRK vil produsere og publisere andre saker knytt til denne drapssaka. Målet er å gi publikum eit best mogleg innhald fra Orderud-saka.

F-ordet

«Menn og kvinner passar ikkje til dei same yrka». «Store gutar gret ikkje». «Gutar som ligg rundt er kule fuckboys, mens jenter er lause».

Ulrikke Falch

Ulrikke Falch har erfart kva det vil seie å ikkje leve opp til "kjønna" forventningar; ho var ikkje slik jenter "skal vere". Det har gjort ho kamplysten.

Foto: NRK P3

Med humor og personleg engasjement undersøker programleiar Ulrikke Falch haldningar til kjønn og kjønnsroller. I løpet av seks veker skal ho overtyde alle elevane på ein vanleg vidaregåande skule om at dei er feministar.

Ei av årsakene til at Ulrikke er så opptatt av feminisme er at ho vart mobba i tenåra. Ho levde ikkje opp til forventningane til korleis jenter skal vere og sjå ut; ho hadde for store lår, var for opptatt av sport, var for utagerande – ho var rett og slett ikkje feminin nok.

Så begynte ho å snakke lysare, gå i kjolar kvar dag og ho utvikla ei spiseforstyrring.

- Eg har alltid fått høyre at eg er ei sint jente. Då eg spelte fotball og basketball som lita fekk eg beskjed om å roe meg ned… Ikkje ta så mykje plass. Det var jo ingen av gutane som fekk beskjed om å roe seg ned. Kvifor er det sånn, spør Ulrikke i serien.

Ho meiner alle vil få det betre i eit meir likestilt samfunn og vil kjempe for det. Men det kostar ho mykje å vere så synleg og utsett for negative kommentarar og kritikk. Ho er derfor usikker på om ho orkar å engasjere seg noko meir om ho ikkje klarer å overtyde elevane.

F-ordet har premiere i november.