Hopp til innhold

Temadag i P2: Brasil

Brasil er så mykje meir enn samba og karneval. På torsdag blir VM i fotball sparka i gong, og NRK P2 slår til med ei heildagssending frå ni til seks som berre skal handle om Brasil. Programleiarar er Hege Holm og Arne Berg.

Temadag i P2: Brasil

På åpningsdagen for fotball-VM slår NRK P2 til med ei sending som berre skal handle om Brasil. Programleiarar er Hege Holm og Arne Berg.

Foto: Ole Kaland / NRK

Vi skal vere med inn i Amazonas for å besøke Yanomami-indianarane og vi får besøk av Regnskogfondet, som skal snakke om urfolk og avskoging. Norges beste barista skal lage brasiliansk kaffi saman med Herman Friele. Han skal skal snakke om kva som er så spesielt med kaffebønnene frå dette landet.

Vi får sambatrommer og karnevalskostymer i studio. Visste du forresten at vi på 80-talet hadde karneval i Noreg? Men det gjekk skikkeleg gale. Høyr initiativtakarane frå den tida snakke om kva som skjedde. Claudio Latini, mannen bak landeplaga "Sambaen er løs" kjem også i studio.

Demonstrasjonar

Brasil har også si mørke side. Før VM har det vore store valdelege demonstrasjonar, og nærare 200 000 menneske er blitt tvangsflytta for å gjere plass til arrangementet. Brasil er også eit land med god økonomi. Likevel lev store delar av folket i fattigdom i sokalla favelaer. Kvifor er det slik?

Men sjølvsagt skal vi snakke mykje om fotball. Vi får brasilianske fotballentusiastar i studio, og den sjølvskrivne Arne Scheie skal spå og vurdere årets ulike VM-lag.

For meir informasjon, kontakt:
Prosjektleiar i NRK, Katrine Nybø 975 42 754