Hopp til innhold

Stjernestøv - ny julekalender på NRK

Frå 1. desember på NRK1 kl. 16:40 og i strøymetenesten NRK TV frå kl. 06:00.

Stjernestøv er eit moderne eventyr om å feire jul for fyrste gong etter ei skilsmisse, oppleve endring i livet og å få til nye venskap.

Trailer til NRKs julekalender

Camilla (11) og Edvard (13) speler hovudrollene i Stjernestøv- eit juleeventyr for heile familien.

I NRK sin heilt nye julekalender, Stjernestøv, møter vi Jo (spelt av Edvard) som flytter til ein ny stad etter at foreldra hans skil seg. Jo misliker alt det nye og vil berre at alt skal vere som før.

Far til Jo, Steinar (spelt av Morten Svartveit), er astronom, og saman ser dei to ofte på stjernehimmelen. Pappa seier at når dei saknar kvarandre, kan dei begge sjå på Nordstjerna, for det er kompasset til alle stjerner. Når alt går gale på den nye staden, finn Jo Nordstjerna, men så skjer det utrulege: den sløkkjer!

Den mystiske jenta på loftet

Like etterpå oppdagar Jo at det bur ei jente med magiske krefter på loftet.

Jenta heiter Elly (spelt av Camilla) og kjem frå stjernefolket i Nord. Ho kan ikkje komme seg heim før Nordstjerna lyser igjen, og ho treng hjelp av Jo.

Saman med Elly skjer dei mest utrulege tinga, og då det òg viser seg at det er nokon som er ute etter henne, blir det ein heilt spesiell og spennande desember.

All musikken i serien er komponert av Gaute Tønder. Aurora framfører sjølve kjenningsmelodien, «Stjernestøv»:

Aurora Aksnes har vore med å laga tittel-låta i NRKs nye julekalender Stjernestøv

Aurora Aksnes har vore med å laga tittel-låta i NRKs nye julekalender Stjernestøv

Eg synest Stjernestøv var så fint eit namn. Det var veldig magisk og klikka veldig bra i hovudet mitt med ein gong. Eg er veldig takksam for å vere med, seier Aurora.

Kven er kven i «Stjernestøv»

Camilla (11 år) spiller Elly i Stjernestøv

Camilla San Miguel Bjørneng speler Elly.

Foto: Lena Saugen / NRK

Camilla San Miguel Bjørneng speler Elly

Elly kjem frå stjernefolket som held til i Nord, ein stad som ligg så langt nord det er mogleg å komme, rett under Nordstjerna. Det er ho som er stjernebarnet og den som gjev kraft og ljos til Nordstjerna. Elly kan manipulere snø og is og skape snøstorm. Ho kjenner ikkje kulde og går gjerne barbeint midt på vinteren.

Elly har eit svært velutvikla konkurranseinstinkt og elskar å vere best, først og sterkast. Ho går ikkje av vegen for å jukse for å vinne. Ho er morosam, oppfinnsam, og full av energi, men er òg vand til å få det som ho vil og er ikkje så god på å sjå andre eller ta omsyn til deira behov.

Edvard spiller Jo

Edvard Ross speler Jo.

Foto: Daniel McStay / NRK

Edvard Ross speler Jo

Jo er lidenskapeleg oppteken av stjernene og universet, ei interesse han delar med far sin som er astronom. Dei to elskar å studere stjernehimmelen saman.

Jo elskar òg hockey. Han er kaptein på laget sitt og drøymer om å bli best i verda. No skal foreldra skiljast, og han skal flytte med mor si og søskena til ein ny stad. Jo gruer seg. Når ting blir vanskeleg, rømmer han unna. Han er kjenslevar, men liker ikkje å snakke om det han føler på. I staden for å gå inn i problema skuvar han alle frå seg og blir tøff og hard.

Men i møtet med Elly og eventyret blir han trygg nok til å opne opp for at denne nye staden verkeleg er heimen hans.

Morten Svartveit

Morten Svartveit speler Steinar

Foto: NRK

Morten Svartveit speler Steinar

Steinar er far til Jo. Han er astronom og elskar jobben sin så mykje at han ofte gløymer familien og barna sine.

Når barna og Kjersti flyttar ut, kjenner Steinar seg einsam og løysinga blir å drukne seg i jobb. Steinar og Jo glir meir og meir frå kvarandre, og Steinar forstår at i staden for rømme vekk og prøve å skjule korleis han har det, må han vere der for Jo.

Ester Grenersen

Ester Grenersen i rolla som mor til Jo.

Foto: NRK

Ester Grenersen speler Kjersti

Kjersti er mor til Jo. Ho jobbar som fysioterapeut på ein sjukeheim og trivst i jobben sin. Ho er god i hockey og deler den interessa med Jo.

Kjersti er full av dårleg samvit for skilsmissa og leitar etter teikn på at det går bra med barna etter flyttinga. Kjersti synest det er vanskeleg at Jo ikkje snakkar med henne slik han gjorde før. Etter kvart forstår ho at ho ikkje treng å prøve så hardt og at Jo treng tid til å tilpasse seg det nye.

India Dee Kvangarsnes

India Dee Kvangarsnes speler Aliyah

Foto: NRK

India Dee Kvangarsnes speler Aliyah

Då Jo og familien flytter inn i blokka, er Aliyah både venleg og nysgjerrig på Jo. Ho bur i lag med mora Halima, faren Omar og to småsysken. Aliyah er direkte og seier alltid det ho meiner.

Ho kan fort bli utålmodig og irritert, noko som går utover venen Leon. Dei to har kjent kvarandre heile livet, og Aliyah er glad i Leon som ein bror. Dei spionerar på Elly og Jo og finn etter kvart ut at Elly har magiske evner.

Ingrid Bolsø Berdal spiller Silja

Ingrid Bolsø Berdal speler Silja.

Foto: Lena Saugen / NRK

Ingrid Bolsø Berdal speler Silja

Silja er mora til Elly. Ho er leiken, sterk og morosam. Ho har eit like sterkt konkurranseinnstinkt som dottera og har meir forståing for Elly sitt ville vesen enn far hennar har.

Caleb Kebreab spiller Leon

Caleb Kebreab speler Leon.

Foto: NRK

Caleb Kebreab speler Leon

Leon bur i lag med mor si Sarah. Han har budd i blokka heile livet og har kjent Aliyah like lenge. Han er morosam og sosial og går i samme klasse som Jo og Aliyah.

Når han får vite om løyndommen om Elly, blir Leon satt på prøve og er nær ved å avsløre Elly flere gonger - for dei må skjule henne og ingen vaksne må få vite kor ho kjem frå.

Trond Fausa Aurvåg speler Varg

Trond Fausa Aurvåg i rolla som Varg.

Foto: NRK

Trond Fausa Aurvåg speler Varg

Varg bur åleine i Nord og er ikkje ein særleg sosial type. Han er svært lojal og ærleg, men òg lite empatisk. Han forstår ikkje ironi og tolkar det meste heilt bokstaveleg. Dei fleste er einige om at Varg er ein ganske skummel fyr.

Torbjørn Eriksen

Torbjørn Eriksen speler Ein.

Foto: NRK

Torbjørn Eriksen speler Ein

Ein er far til Elly. Han var Stjernebarnet fram til Elly vart fødd og er ein naturleg leiar for det vesle samfunnet i Nord der familien til Elly bur. Han er varm og raus, men òg tøff. Han elskar Elly og føler eit stort ansvar for at ho skal bli eit verdig stjernebarn. Derfor blir han frustrert og fortvila når Elly ikkje tek oppgåva til stjernefolket på alvor.

Påmeldingsrekord

«Stjernestøv» er NRK sin første eigenproduserte julekalender sidan «Snøfall» i 2016.

Produsent Hege Waagbø hadde ein stor jobb føre utveljinga av dei medverkande:

– Vi hadde ein heilt enorm jobb med over 14000 påmeldte barn! Ny rekord! Vi traff over 3000 barn og enda opp med ein cast som vi veit vil gå rett heim hos alle, fortel Waagbø, og held fram:

– Edvard og Camilla har imponert oss med profesjonalitet og pågangsmot. Dei har verkeleg jobba hardt og spelar med ein slik energi, varme og utstråling som treff mange. I tillegg er dei og dei andre fantastiske barn, som vi i teamet har vorte veldig knytta til.

Medan vi ventar: Oversikt over julekalendrar på NRK sidan 1990

Inga tidlegare skodespelarerfaring

Edvard er 13 år og går første året på Hundsund ungdomsskole i Bærum. Han har inga tidlegare erfaring som skodespelar og fortel at han under innspelinga av «Stjernestøv» har lært mykje om yrket og alt som skjer bak kamera.

Edvard har følgjande råd til barn som har det som Jo i jula:

– Snakk med nokon du stoler på og er glad i. Det er det beste, for dei kan alltid hjelpe. Det blir ei spesiell jul for mange i år og ein kan ikkje vere saman med like mange, så då kan ein jo sitje heime og sjå på «Stjernestøv», seier han.

Elly og Jo på loftet

Jo og lillesøster Eva på loftet

Foto: NRK

Camilla San Miguel Bjørneng er 11 år og elev ved Grindbakken skole i Oslo. Ho har heller inga tidlegare erfaring som skodespelar. På spørsmål om kva dei beste minna hennar frå innspelinga var, svarer ho:

– Det var då eg brukte krefter i Nord og gjekk inn i husa våre, nemleg igloar som var lagde av snø, fortel Camilla. Ho fortel òg at ho har nokon likskapstrekk med rollefiguren:

– Eg er kanskje litt lik Elly, for eg kan ofte vere veldig gira og glad med masse energi. Og så er eg er veldig glad i dyr, avsluttar ho.