Her finn du ei oversikt over kva du kan sjå og høyre på NRK gjennom sommaren:
Musikk og feiring
11. juni inviterer Kringkastingsorkesteret til sommarkonsert: Då deler heile landets orkester sommarperler på NRK1 saman med programleiar Hans Olav Brenner.
17. juni blir det andre takter: Då er Arianrhood Engebø og Nathan Kahungu vertskap for VG-lista på Rådhusplassen. Alan Walker, Synne Vo, Ballinciaga, Ramón, Emma Steinbakken og Chris Holsten er blant artistane som står for festen. Følg sendinga frå kl. 20.00 direkte på NRK1 eller i NRK TV.
18-27. juni er det Oslo pride, og NRK er med på feiringa av skeiv kjærleik og mangfald. NRK dekker paraden og festen i Oslo med direktesending på dagen og eiga sending på kvelden. Dokumentarane Kim & Wenche og Lille jente blir å sjå i NRK TV allereie frå midten av juni, og Lisenskontrolløren dykkar ned i NRKs arkiv og finn skeiv kjærleik. Det blir også mykje skeivt innhald både på radio og nett desse dagane.
Det blir også sju radiosendingar på laurdagar på NRK P2 frå 2. juli til og med 13. august.
Grafikk: NRK2. juli, 9. juli, 30. juli, 6. august og 13. august blir det Festivalsommer på NRK1 og i NRK TV. Dei fem timar lange sendingane vil by på varierte konsertoppleveringar frå heile landet. Her er nokre av festivalane det vil vere innslag frå:
- Kråkeslottfestivalen, Senja
- NEON, Trondheim
- Rondaståk, Gåla
- Kammermusikkfest Risør
- Egersund Visefestival
- Kongsberg Jazzfestival
- Seljordfestivalen
- Vinjerock
NRK TV: Seriar og dokumentarar
Dei norske seriane Lik meg (sesong 6) og Venner fra før har premiere i starten av juni. NRK TV vil fyllast opp med i alt 14 nye seriar og om lag 10 dokumentarar som alle har NRK-premiere i løpet av sommaren.
«Martin Freeman in a nightmare is an absolute dream for viewers», skreiv The Guardian om The Responder og gav serien topp-karakter.
Margrete den første er eit «velspilt kongelig konspirasjonsdrama» der «Trine Dyrholm storspiller i hovedrollen som Margrete», konluderte Filmpolitiet og ga filmen terningkast fem. I NRK TV ser du dramet i tre delar.
Tuppence Middleton, kjent fra blant andre Downton Abbey har hovudrolla i serien Huset, mens Martin Compston spelar ektemannen hennar.
I dramaserien «Lea» følgjer vi proffboksaren Lea Ferreiras risikofylte ferd mot det store målet hennar: VM-beltet i boksing.
Dobbeltgjengaren: Vest-tyske Marlene Wenninger får sjokk i løpet av besøket i Aust-Berlin. På teatret er dansaren på scenen prikk lik henne!
Her er nokre av seriane du kan glede deg til:
- The Responder: Om politimannen Chris (Martin Freeman) som slit både med ekteskapet og den mentale helsa si. I NRK TV: 17. juni.
- Thrilleren Huset: Fi kjem heim til huset sitt, men der har framande folk flytta inn og ektemannen er borte. I NRK TV: 17. juni.
- Suksessdramaet Fredløs om Mo som heilt uskuldig hamnar i fengsel. I NRK TV: 24. juni
- Margrete den første – dansk drama i tre delar med Jakob Oftebro i ei av rollene. I NRK TV (og NRK1): 2. juli
- Dobbeltgjengaren – To unge kvinner, ei frå Vest-Tyskland og ei frå Aust-Tyskland, oppdagar at dei er tvillingar. I NRK TV: 17. juni
- Lea: Kor langt er ho villig til å gå for å nå til topps i VM? Boksedrama frå SVT. I NRK TV: 15. juli
- Krimserien Sherwood, basert på verkelege hendingar og ein av BBCs store seriar i 2022.
Av dokumentarar byr NRK på mellom anna desse:
Cash: Dansk dokumentarserie om krisa i reiselivsbransjen. Draumar må vike for søvnløse netter når pandemien inntreff. Frå Noreg er Petter Stordalen med.
Foto: DR- Cash: Eit filmteam har følgt Petter Stordalen, tilsette i chartergruppa Spies og ein thailandsk strandmassør gjennom den største og verste krisa dei har opplevd. I NRK TV: 24. juni
- Hemmelig hav: To tenåringsjenter i havsnød ved Ålandshavet ser brått ein ubåt. Det skal prege dei for alltid. I NRK TV: 24. juni.
- Louis Theroux: Forbidden America: Theroux møter høgreekstreme, valdelege rapparar og avdekker metoo-problem i pornobransjen. I NRK TV: 24. juni
- Ghislaine Maxwells forbrytelser: Mini-serie om overgriparen Jeffrey Epsteins medhjelpar. I NRK TV: 5. juli
- Gunda: «Briljant dokumentar med poetiske kvaliteter», skreiv Filmpolitiets Birger Vestmo då denne dyredokumentaren kom, og trilla terningkast 6. I NRK TV: 24. juni.
Det kjem også ny sesong med Munter mat og reiseprogram med komikar Griff Rhy Jones.
Sport
I juli er det endeleg fotball-EM for kvinner! Kor langt kan det norske landslaget nå?
Foto: Eskil Wie Furunes / NRKSportshøgdepunkta står i kø denne sommaren.
Allereie 16. juni må den sportsinteresserte må benke seg, for då er det Diamond League: Bislet Games. Programleiar Ida Nysæter Rasch tek deg gjennom konkurransane saman med kommentatorane Jann Post, Christina Vukicevic og Vebjørn Rodal. Jakob Ingebrigtsen skal løpe, Karsten Warholm må stå over. Bislett stadion er 100 år i år. Det feirar NRK med eit spesialprogram dagen før.
22–26. juni, ei knapp veke etter, inviterer Skien til NM-veka 2022. Det skal kårast ein noregsmeister i over 30 idrettar over seks dagar. Programleiar er Marianne Kvamme Amengual. Pål Thomassen, Ingrid Sørli Glomnes, Ole Kristian Stoltenberg og Patrick Rowlands skal kommentere.
6. juli er det avspark i den første kampen i fotball-EM for kvinner. NRK og TV 2 deler på rettane når dei norske jentene med Ada Hegerberg i spissen skal kjempe om edelt metall. Dei 31 kampane er jamt fordelte mellom dei to TV-husa. Meisterskapen blir arrangert i England.
15.– 24. juli 2022 er det VM i friidrett for 18. gong, denne gongen arrangert på Hayward Field i Eugene i Oregon i USA. Ida Nysæter Rasch er programleiar og Jann Post, Christina Vukicevic og Vebjørn Rodal kommenterer. NRK sender alt som skjer live, og dei største norske friidrettsstjernene deltek i verdsmeistarskapen.
30. juli – 5. august er Landsskytterstevnet endeleg tilbake, før første gong siden 2019. Årets arrangement er lagt til Bodø. Carina Olset er programleiar, mens Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde er kommentatorar.
3. – 6. august sender NRK frå skifestivalen Blink i Sandnes.
15.– 21. august er det duka for EM-veka i München, som inkluderer EM i friidrett. Her blir det også EM i roing, padling, sykkel, klatring, turn, bordtennis, sandvolleyball og triatlon. Det er mange nordmenn i aksjon i dei forskjellige idrettane, og NRK vil sende mykje direkte gjennom heile dagen.
Podkast og radio
For nokon er «The Kid from Red Bank», også kjent som Reiseradioens kjenningsmelodi, sjølve lyden sommar. Det blir sjølvsagt Reiseradioen i år og, første sending er 18. juni.
For andre er det dei sterke og interessante historiene i Sommer i P2 som er det føretrekte lydsporet om sommaren. Sendingane startar 27. juni og går fram til 14.august.
Solveig Kloppen og Martin Lepperød er blant kjendisane du møter i podkasten Feriestemning. I NRK Radio frå 18. juni
Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRKSommar er også lange bilturar – då er podkast perfekt. Du finn alle NRKs podkastar i NRK Radio. Nytt av året er podkasten Feriestemning. Frå 18. juni møter du kjende personar i overraskande konstellasjonar. Desse blir kjent med kvarandre og speler musikk dei liker.
Men kanskje er det dei i baksetet som bestemmer kva familien skal lytte til?
Her er fire podkastar for barn:
Alle podkastane (inkludert ny sesong av Fantorangens lydmysterier) og 16 nye høyrespel for barn kjem i NRK Radio 10. juni. Sjå alt som finst for barn i NRK Radio.