Hopp til innhold
Info fra NRK

Sommarfugl (1:3) - premiere!

11 å gamle Max føler seg som ei jente og vil leve som Maxine.

Veke 12, NRK TV fredag 22. mars

Mamma Vicky med Maxine på fanget

Max har ønska å gå med jentekle sidan femårsalderen, og mamma Vicky har gitt Maxine lov til å vere jente heime.

Foto: FremantleMedia Enterprises

Max tissar heller på seg enn å bruke gutedoen på skulen. Jenta i gutekropp er fortvilt over korleis kroppen hennar utviklar seg, og begynner med sjølvskading.

Foreldra Vicky og Stephen er verken einige eller sikre på kva som er best måte å hjelpe elleveåringen sin på. Vicky har gitt Max lov til å gå med jentekle heime, men ikkje offentleg. Etter å ha møtt fagfolk blir ho overtydd om å la Max vere jente på heiltid, og arbeider for at Maxine skal få kjønnskorrigerande behandling.

Stephen derimot synest Max sin kjønnsidentitet er vanskeleg å akseptere, og han er også redd dei går for fort fram.


«Sommarfugl» er ein usentimental serie i tre delar om ein familie i endring.


Alle tre episodane blir publiserte fredag 22. mars.

The Guardian: Butterfly review – an important, truthful drama about a transgender child