Hopp til innhold
Info fra NRK

We Hunt Together

Ein tidlegare barnesoldat reddar ein sexarbeidar frå eit overgrep. Så legg dei ut på eit dødeleg hemntokt, jaga av like målretta politifolk. Britisk thriller i seks deler.

Baba (Dipo Ola) og Freddy Lane (Hermione Corfield).

Barnesoldaten Baba (Dipo Ola) og sexarbeidaren Freddy Lane (Hermione Corfield).

Foto: Laurence Cendrowicz / BBC Studios/UKTV

Ein ny vri på den klassiske katt-og-mus historia, som også utforskar den berusande effekten av seksuell tiltrekning og farane ved emosjonell manipulasjon.

Freddy (Hermione Corfield)

Sexarbeidaren Freddy er hemngjerrig.

Foto: Laurence Cendrowicz / BBC Studios/UKTV

Eit dødeleg partnarskap blir til på ein nattklubb då toalettverten Baba, ein tidlegare barnesoldat, grip inn og reddar den psykotiske sexarbeidaren Freddy Lane frå eit overgrep. Saman begir dei seg ut på ein hemngjerrig serie mord på Babas tidlegare kjende, som mettar begges hunger for vald.

I mellomtida har etterforskarane Jackson Mendy og Lola Franks funnet saman for å jakte ned det unnvikande morderparet. Men sjølv om dei jobbar mot same mål, finn dei ikkje tonen like raskt som mordarane.

Lola Franks (Eve Myles) og Jackson Mendy (Babou Ceesay).

Etterforskarane Lola Franks og Jackson Mendy gjer det dei kan for å jakte ned mordarane.

Foto: Ludovic Robert / BBC Studios/UKTV

Sjå heile serien i NRK TV 14. august kl. 06.00 eller på NRK1 17. august kl. 21.20