Hopp til innhold
Info fra NRK

The Split (1:6) Premiere!

Veke 41 NRK TV fredag 12. oktober, NRK1 laurdag 15. desember kl. 21:50.

Kven eig nedfrosne embryo ved ei skilsmisse? Korleis takle at far dukkar opp etter 30 års fråvær?

THE SPLIT: SERIES 01

Skilsmisseadvokaten Hannah har forlatt familiebedrifta og gått over til konkurrenten.

Foto: Mark Johnson / Copyright: Sister Pictures Limited

I «The Split» møter vi Hannah, ein vellukka skilsmisseadvokat. Ho har forlate familiebedrifta – advokatkontoret som søstrene og mora driv - og gått over til konkurrenten. Det gjer og at ho "stel" klientar frå familien sin. Brått dukkar faren opp og gjer krav på det han meiner er sin del av kaka av familie-advokatkontoret.

Hannah må hanskast med sitt eige og kundane sine kompliserte privatliv. Korleis hindre at eks-mannen din brukar deg som materiale i standupshowa sine? Kva skjer når «wikileaks»-aktige filer om utruskap kan nå tabloidavisene?

Det er kanskje krangel om pengar, men ikkje mangel på dei: Her er vi blant dei rikaste i samfunnet.

Få ein liten prøvesmak på serien.

Serien er eit drama om familierelasjonar og ekteskap, om å forlate og å bli forlaten, om konkurranse og maktspel i arbeidslivet og korleis jobb og privatliv av og til blir umogleg å skilje frå kvarandre.