Solgt!, haustpremiere, sesong 7 (8:14)

Veke 39 NRK1 måndag 26. september kl 19.45

Fire eigedomsmeklarar frå Austlandet blir tatt med til Vestlandet sin hovudstad, Bergen, for å tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Solgt er tilbake med sju nye episodar, og programleiar Frode Søreide inviterer til visnings på kryss og tvers av Norge og i utlandet.

Solgt!, sesong 7 (8:14)

Haustpremiere på Solgt! Programleiar Frode Søreide har tatt med seg meklarar frå Austlandet til Bergen for å tippe bustadprisar. Jan Erik Reenskaug og Erik Kvam Johansen frå ABBL i Sandvika og Helene Solberg og Kristine Grønn frå DNB Eigedom i Oslo.

Foto: NRK

-Dette er ein del av den sjuande sesongen. Det vil sei at vi har laga 72 program og tippa pris på 216 eigendommar både i Norge og utlandet, fortel programleiar Frode Søreide.

I første episode går turen til vestlandshovudstaden Bergen. Her blir meklarar frå Bærum og Oslo utfordra til å tippe pris på eit unikt hus ved Fløibanen, eit sjarmerande hus på vakre Nordnes og ei arkitektperle med utsikt over innseglinga til Bergen.

Til å tippe pris i Bergen har programleiar Frode Søreide tatt med seg Helene Solberg og Kristine Grønn. Dei møter Jan Erik Reenskaug og Erik Kvam Johansen frå ABBL i Sandvika til duell.

På kryss og tvers

I løpet av hausten sjekkar vi også ut bustadprisar utanfor Oslo, i Kragerø og Ålesund samt feriehus i Danmark. I tillegg har vi for første gong besøkt vårt nordligaste fylke, Finnmark.

-Bustadprisane i Oslo har vore i vinden som aldri før. For oss er det viktig å ta temperaturen på denne marknaden, men og syne fram kva hus og hytter kostar andre stadar i landet. Difor har vi mellom annan sjekka kva du kan få for pengane utanfor sjølve Oslo-gryta. Vi er også veldig glad for at vi i år har fått reise til Finnmark for å tippe bustadprisar for første gong, seier Solgt-programleiaren.

Om serien

Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og tatt med til ein ukjent marknad, ein heilt annan stad i landet.

I kjend stil skal dei konkurrere om å gjette prisen på tre ulike bustader. Meklarane veit ikkje kor dei skal og får ingen hjelpemiddel. Salsprisen er hemmeleg. Kva for eit lag tippar nærast?

Som i dei førre sesongane er Frode Søreide programleiar. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 16 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved fleire av NRK sine distriktskontor, FBI og 17-mai.

Eigenproduksjon ved NRK 2016
Programleiar: Frode Søreide, 900 42 225 – frode.soreide@nrk.no
Prosjektleiar: Siv Helberg, 402 46 044 – siv.helberg@nrk.no