Hopp til innhold

Solgt! Sesongpremiere høst 2015

Uke 36 NRK1 onsdag 2. september kl 19.45

Kven er flinkast til å tippe pris av studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og BI i Bergen? To lag med meklarstudentar møtast til duell i Drøbak. Her skal dei tippe pris på alt frå gamalt skipparhus til idyllisk bondegård.

SOLGT! SOLGT!

Det blir studentduell i Solgt! Meklarstudentane Tina Elise Beisland (t.v) og Karoline Nilsen frå BI i Bergen møter Marius Ødegaard og Joakim Daltveit frå Høgskulen i Sogn og Fjordane til prisduell i Drøbak. Programleiar er Frode Søreide (midten).

Foto: NRK / NRK

-Dette er framtidas eiendomsmeklarar, så vi synst det er kjekt å la dei få prøve seg på å tippe pris. Studentane er alt i gang med å jobbe i tillegg til studiane, så det blir som ein liten eksamen, fortel programleiar Frode Søreide.

Høgskulen mot BI

Studentane går til vanleg på Høgskulen i Sogn og Fjordane og ved den private høgskulen BI i Bergen. Men prisar på austlandsområdet er ikkje ein del av pensum, så det er ingen tvil om at det blir utfordrande når dei blir tatt med til Drøbak for å tippe pris.

-Eg trudde ikkje akkurat at mi første synfaring på ein bustad skulle skje på TV, seier meklarstudent Marius Ødegaard og ler.

Skipparhus og gårdsbruk

I programmet blir studentane utfordra til å tippe pris på eit lite skipparhus mitt i sentrum av Drøbak. I tillegg blir dei tatt med til eit idyllisk småbruk full av tussar og troll på Nesodden og ein moderne bustad med flott utsikt mot Oslofjorden.

Om serien

Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og tatt med til ein ukjent marknad, ein heilt annan stad i landet.

I kjend stil skal dei konkurrere om å gjette prisen på tre ulike bustader. Meklarane veit ikkje kor dei skal og får ingen hjelpemiddel. Salsprisen er hemmeleg. Kva for eit lag tippar nærast?

Som i dei førre sesongane er Frode Søreide programleiar.