Hopp til innhold

Solgt! (6:6) 2015

Uke 18 NRK1 måndag 27.04.15 kl.19:45 Solgt!

Det sjarmerande småbruket skapte folkevandring då det var visning. Huset har stått urørt i over 40 år og tar oss med tilbake til 70-talet. Men kva kostar det? Solgt! reiser til Sandefjord for å tippe bustadprisar.

Solgt!

Meklarane denne gong kjem frå Eie Eiendomsmegling i Bodø og Tromsø, Børge Martinussen og Hege Hafnor (t.v for programleder Frode Søreide). Dei konkurrerar mot ekteparet Marit W. og Olav Qvale som driv Privatmegleren i Valdres.

Foto: NRK / NRK

-Småbruket vi besøker er kanskje den største utfordringa. Innvendig har huset vore nesten uforandra i 40 år. Her er det litt som å kome på besøk til bestemor, seier programleiar i Solgt! Frode Søreide.

I følgje den lokale meklaren var det folkevandring til visning.

Nord-Norge mot Valdres

Meklarane denne gong kjem frå Eie Eiendomsmegling i Bodø og Tromsø, Børge Martinussen og Hege Hafnor. Dei konkurrerar mot ekteparet Olav og Marit W. Qvale som driv Privatmegleren i Valdres. Ingen av para er kjende i Sandefjord frå før og veit veldig lite om bustadmarknaden i Vestfoldbyen. Eit godt meklarauge og ein god porsjon flaks avgjer tilslutt kven som tippar nærast på dei tre Solgt-objekta.

Strandeigendom

I tillegg til småbruk skal meklarane mellom annan bryne seg på eit sjarmerande trehus i eit av Sandefjord sine eldste gater. Til slutt tar programleiar Frode Søreide dei med til ein nydeleg strandeigendom på Vesterøya. Dette er eit attraktivt område og du kan spasere frå huset og rett ut på di private brygge. Klarar meklarane tippe rett pris på ei slik utfordring?

Om serien

Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og tatt med til ein ukjent marknad, ein heilt annan stad i landet.

I kjend stil skal dei konkurrere om å gjette prisen på tre ulike bustader. Meklarane veit ikkje kor dei skal og får ingen hjelpemiddel. Salsprisen er hemmeleg. Kva for eit lag tippar nærast?

I løpet av dei 14 programma i årets sesong skal meklarar reise på kryss og tvers i Norge. I tillegg blir det besøk i utlandet. Programmet er no inne i sin sjette sesong.

Som i dei førre sesongane er Frode Søreide programleiar. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 12 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved fleire av NRK sine distriktskontor, FBI og 17-mai.