Hopp til innhold

Solgt! (3:4)

Uke 38 NRK1 onsdag 16. september kl 19.45

"Solgt!" tar med seg norske meklarar til Florida for å tippa pris. Her blir det amerikansk luksus i kjend stil og millionane sitt laust hjå dei norske meklarane.

Solgt! (3:4)

Tone S. Grøsle, Mariann Thomassen, programleiar Frode Søreide, Henriette Holter og Anders Langtind er i Florida for å tippa pris.

Foto: NRK

-Vi har lenge drøymt om å få reise til USA og lage ei utgåve av "Solgt!". Florida, og spesielt solkysten kring Miami, er eit populært reisemål for nordmenn, fortel programleiar Frode Søreide.

Norsk favoritt

Den såkalla Gullkysten har 250 soldagar i året og er eit ferieparadis for kjende og velståande amerikanarar. Fleire direkteruter frå Norge og finanskrise som har påverka prisane, har gjort at dette også er blitt ein feriefavoritt for nordmenn. Det finst også fleire norske aktørar som sel feriehus til nordmenn i området.

Eit eventyr

Dei norske meklarane fekk først vite om at dei skulle til USA på Gardermoen, og synst det var stas å få dra over dammen og tippe bustadprisar.

-Det er så gøy. Vi føler vi er inne i eit eventyr, utbryt sørlandsmeklarane Mariann Thomassen og Tone S. Grøsle.

Kulturforskjell

Men det vart også store utfordringar for dei norske meklarane å tippe pris i eit heilt framande land.

-Eg synst det er ein viss kulturskilnad i forhold til norske hus. Soveromma er veldig store, nesten like store som stova, seier Grøsle.

-Det er nesten som ein skulle tru dei gjorde andre ting enn oss på soverommet, svarar kollega Thomassen.

Gigantiske hus

Dei norske meklarane blir tatt med på alt frå ei klassisk ferieleilegheit til det som er langt meir luksuriøst. På kanalen utanfor populære Boca Raton har fleire amerikanske filmstjerne sine gigantiske feriehus på fleire tusen kvadratmeter. Her finn vi også eit av huset dei norske meklarane skulle finne rett salspris på.

-Dette er ei oppleving. Det må vere ei sann glede å få lov å arbeide som meglar her og få lov gå inn og sjå i alle desse husa, seier Anders Langtid som til dagleg arbeidar i Privatmeglaren i Oslo og får støtte frå kollega Henriette Holter.

Om serien

Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og tatt med til ein ukjent marknad, ein heilt annan stad i landet.

I kjend stil skal dei konkurrere om å gjette prisen på tre ulike bustader. Meklarane veit ikkje kor dei skal og får ingen hjelpemiddel. Salsprisen er hemmeleg. Kva for eit lag tippar nærast?

Som i dei førre sesongane er Frode Søreide programleiar.


Eigenproduksjon ved NRK 2015
Programleiar: Frode Søreide, 900 42 225 – frode.soreide@nrk.no
Prosjektleiar: Siv Helberg, 402 46 044 – siv.helberg@nrk.no

Presse: presse@nrk.no

Tv-sjåaren kan kontakte: Publikumsservice, info@nrk.no tlf: 23 04 70 00.