Hopp til innhold

Solgt! - Sesongpremiere!

Uke 13 NRK1 mandag 28. mars kl 19.45

Det er klart for sesong sju av Solgt som ut over våren byr på sju program frå både inn og utland. I kveld tar programleiar Frode Søreide med seg meklarar til fjellbygda Trysil for å tippe salsprisen på hytter.

Solgt! sesong 7

Solgt! tippar hytteprisar til fjells i sesongepremieren. F. V Rune Narten, Helga Hvass frå Sørmelgeren i Arendal. Amir Paydar og Amund Hermansen frå Privatmegleren i Fredrikstad. Programleiar er Frode Søreide.

Foto: NRK

Trysil husar Norge sitt største alpinanlegg og er blitt eit eldorado for skiglade nordmenn. Etter fleire år med rolege tider i hyttemarknaden går det no unna med hyttesalet.

Meklarane får i oppdrag å tippe pris på ei moderne hytte med fantastisk utsikt til skibakken. Vi besøker ei sjarmerande 70-talshytte som ligg i Ljørdalen. Hytta er tidsriktig pussa opp, men kva betyr det at den ligg nesten ein time frå skibakkane i Trysil? Siste objekt er ei luksuriøs hytte rett ved skibakken.

I Norge og utlandet

Til å tippe pris i den norske fjellheimen har programleiar Frode Søreide tatt med seg Helga Hvass og Rune Narten frå Sørmegleren i Arendal og Amir Paydar og Amund Hermansen frå Privatmegleren i Fredrikstad.

Sesong 7 inneheld i alt 14 program, der 7 program skal gå på NRK1 i vår og 7 til hausten. I vårsesongen besøker vi i tillegg til Trysil: Oslo, Skien, Drammen, Mjøs-regionen. I tillegg blir det to turar til utlandet.

Om serien

Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og tatt med til ein ukjent marknad, ein heilt annan stad i landet.

I kjend stil skal dei konkurrere om å gjette prisen på tre ulike bustader. Meklarane veit ikkje kor dei skal og får ingen hjelpemiddel. Salsprisen er hemmeleg. Kva for eit lag tippar nærast?

Som i dei førre sesongane er Frode Søreide programleiar. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 12 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved fleire av NRK sine distriktskontor, FBI og 17-mai.