Hopp til innhold

Smæsj (7:8)

Uke 49 NRK1 søndag 6. desember kl. 20.15

Bordtennis er leiketøysettet som vart OL-øving, og verdas største hobbysport. Det få veit er at ein gong sette bordtennisen heile USA på hovudet.

Smæsj (7:8)

Daværende sekretær i Nobelkomiteen Geir Lundestad forteller Linda Eide om Ping Pong-diplomati og fred.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Det er i dette spelet det er like ille å tapa for bror sin i dag, som det var det i barndommen. Det har Linda Eide følt på kroppen. No prøver ho å ta revansje over bror si.

Om serien

Ein serie på åtte program om korleis åtte ulike sportar er blitt til. Linda Eide dreg frå sin eigen barndom på Bakkane heime og ut i den store verda. Til stader og folk som kan fortelja om mennesket sin oppfinnsomheit og trong til leik og moro. Om det er med stein og kost på isen, ein racket i handa, i ein piruett under vatnet, eller med ein ball i beina.

Smæsj er ei kulturhistorisk reise tilbake til fjern og nær fortid. Til adel og arbeidarklasse, til dei kongelege og folk flest. Me møter pasjonerte amatørar, engasjerte pionerar og leikande menneske i inn- og utland. Smæsj syner fram mennesket sin evige trong til å setja leiken i system og konkurrera med kvarandre. Til å la det gå sport i det. Og denne trongen er like sterk i vår daglege kvardag som i dei store konkurransane. Både før og no.