Hopp til innhold
Info fra NRK

Kritikarrost drama: Sherwood

Eit drap sjokkerer ein gamal gruvelandsby. Ian St Clair vert send for å etterforske drapet, men møter eit splitta lokalsamfunn. Kritikarrost krimdrama frå BBC.

Stemningbilde Sherwood. Tre personer går i skogen.

Fredag 26. august er det premiere på den kritikarrosten serien Sherwood på NRK. På bildet: Ian St Clair (David Morrissey), Julie Jackson (Leslie Manville), Kevin Salisbury (Robert Glenister)

Foto: Matt Squire/BBC/House Productions/

To sjokkerande og uventa drap knuser eit allereie splitta samfunn og utløyser ei massiv menneskejakt.

Medan mistrua byggjer seg opp i samfunnet – både mellom livslange naboar og mot politiet – truar dei tragiske drapa med å eggje historiske splittingar som forårsaka gruvearbeidarstreiken tre tiår før.

Ian St Clair forsøker å roe ned en lokal mann foran politisperringer i Sherwood

Kriminaloverbetjent Ian St Clair møter eit splitta lokalsamfunn når han kjem for å etterforske drap.

Foto: BBC/House Productions

Delvis basert på røynda

Historia i «Sherwood» er delvis basert på verkelege hendingar og sett til gruvelandsbyen Notthinghamshire der forfattar av serien, James Graham, vaks opp.

David Morrissey speler hovudrolla som Ian St Clair. Serien hadde premiere på BBC One i juni 2022.

David Morrissey som Ian St Clair i Sherwood.

David Morrisey i rolla som Ian St Clair.

Foto: BBC/House Productions/Matt Squire

– Årets beste BBC-drama

Sherwood har hausta særs gode kritikkar i Storbritannia. Både The Telegraph og The Guardian gav serien 5 av 5 stjerner.

Kritikar Alex Diggins i The Telegraph erklærte Sherwood som årets beste BBC-drama så langt.