NRK Meny
Normal

Musikkfest på aluminiumsverket

Uke 52 NRK1 torsdag 24. desember kl 19.45

Aluminiumsverket Hydro rydda ein av produksjonshallane sine i Høyanger for å skape ei historisk konsertoppleving. Her sat 700 publikummarar med hjelm. I nabolokalet produserte dei samstundes 14 tonn flytande aluminium.

Musikkfest på aluminiumsverket

15 år gamle Annika Beinnes imponerte under konserten på aluminiumsverket i Høyanger.

Foto: NRK

På scena stod artistar som Thea Hjelmeland, Eva & The Heartmaker, Odd-Erik Lothe, Karl Seglem og Line Dybedal. Programleiar var Finn Tokvam.

Utvida info til prese:

Stor tilgang til kraft har skapt aluminiumsproduksjon, arbeidsplassar og eit særprega samfunn i Høyanger i 100 år. I samband med jubileet i år vart ein del av produksjonen stoppa i to dagar i november, og den såkalla anodehallen bygd om til konsertarena. Her vart artistar samla til ein spektakulær konsertproduksjon der målet var å vise fram industrisjela til Høyanger.

I programmet får du også sjå unike historiske bilete frå Høyanger, og du får med deg historia om korleis industrien har satt sine tydelege spor på denne staden langs Sognefjorden.

NRK hadde regien på konserten. I alt var 150 personar i sving på og bak scena for å skape den unike konserten som vert sendt på NRK1 Julaftan.