Kunstsamlarane

Premiere mandag 16 november kl. 20:00 NRK1

Nokre kjøper og samlar kunst i store mengder. Kva er drivkrafta, lidenskapen og kunnskapen bak dei største og mest overdådige, private kunstsamlingane i dag?

Kunstsamlarane Erling Kagge - eventyraren

Kunstsamlaren og eventyraren Erling kagge.

Foto: nrk / nrk

I denne serien går vi inn i ei verd som er ukjent for dei fleste av oss. Møt våre mest lidenskapelege kunstsamlarar og høyr om drivkrafta bak dei vala dei har gjort. Kva har dei å seie om samlingane sine, og kva seier samlingane om dei? Vi går tett på personar som vil seie at kunsten har endra livet deira, har vore ei livline eller rett og slett gir livet meining.

Kunstsamlarane: Stein Erik Hagen - om å finne seg sjølv

Kunstsamlaren Stein Erik Hagen fortel om gleda ved å finne seg sjølv.

Foto: NRK / NRK

Episode 1

Stein Erik Hagen – om å finne seg sjølv

Sjølv om Stein Erik Hagen har blitt ein av Noregs rikaste forretningsmenn, har det ikkje nødvendigvis gjort han lukkeleg. Å sitje å glo på bankkontoen gir deg ikkje lukke. Det har derimot kunsten bidrege til. I kunsten har Stein Erik Hagen funne svara han trong for å kome seg ut av den største krisa i livet sitt, for deretter å gje han eit tryggare sjølvbilete.

Kunstsamlarane Jo Morten Weider - frå hiphop til samtidskunst

Jo Morten Weider

Foto: nrk / nrk

Episode 2

Jo Morten Weider – frå hiphop til samtidskunst

For den lidenskapelege kunstsamlaren Jo Morten Weider handlar livet om knallharde val. For til dagleg er den tidlegare hiphop-artisten Whimsical no byråkrat og brukar mellom anna alle feriepengane sine på ung, norsk samtidskunst. Til både glede og bekymring for familien. Det er ikkje så lett å forklare for ungane dine, at feriepengane som skulle gje dei billettar til Kaptein Sabeltann er brukt på nye bilete. Det vart ikkje tur til dyreparken i Kristiansand i år heller. Vi snakkar om knallharde prioriteringar!

Kunstsamlarane: Marika Wachtmeister

Marika Wachtmeister

Foto: NRK / NRK

Episode 3

Marika Wachtmeister – om å vinne «eit halvt kongerike»

Å vinne prinsen og halve kongeriket er ikkje berre enkelt. Då meldinga kom frå slottet i Wanås, om at det var «dags» å ta over ansvar og gardsdrift på det store godset, kjentes utfordringa mange nummer for stor. Men då den svenske grevinna fekk ein kunstpark på kjøpet, gjekk det betre. Marika Wachtmeister har, saman med mannen ho møtte på eit diskotek i studietida, grev Carl-Gustav Wachtmeister bygd opp vakre Wanås Konst i Skåne. Kunstverka redda kjærleiken.

Episode 4

Erling Kagge – eventyraren

Kagge er kanskje mest kjend for sine store polekspedisjonar og som forleggjar. Uredd har han slitt seg fram så langt det lar seg gjere både nordover til Nordpolen, sørover til Sørpolen og oppover til toppen av Mount Everest. Men ekspedisjonane tok slutt. No møter polfararen motstand i ubegripeleg kunst og samlar på det. Det er i kunsten han no finn utfordringar og livsinnhald, og han er ein av dei mest sentrale kunstsamlarane med ei stor, internasjonal samling.

Kunstsamlarane: Hans Rasmus Astrup - Livsverket

Hans Rasmus Astrup

Foto: nrk / nrk

Episode 5

Hans Rasmus Astrup – livsverket

Det begynte som ei arv og enda med Noregs mest internasjonale kunstmuseum, med nokre av verdas mest ikoniske kunstverk: Astrup Fearnley Museet. For Hans Rasmus Astrup blei kunstsamlinga sjølve livsverket som skulle sikre han billett inn i æva.

Kunstsamlarane: Venke og Rolf Hoff - besette av kunsten

Venke og Rolf Hoff

Foto: NRK / NRK

Episode 6

Venke og Rolf Hoff besette av kunsten

Det begynte som hemmelegheiter i kjellar og på loft, men har vakse til gallerier i både eit fyr og i ein kaviarfabrikk i Lofoten. Rolf og Venke Hoff kan ikkje stoppe. Kunsten har blitt ein mani. Men det handlar ikkje berre om å samle og stable kunst. Det handlar om møte med unge kunstnarar, om å bidra til å få dei opp og fram. Kunsten er sjølve «sentrifugalkrafta» i livet deira – men kan draumen om stadig nye kunstnarmøte, kunstkjøp og deling av kunstopplevingar vekse inn i himmelen?