Informasjon fra NRK

Kongefamilien 2017

Uke 52 NRK1 onsdag 27. desember kl 19.45

Kven avslørte den viktige kongelege hemmelegheita? Kva er kongens store bekymring? Og korleis står det eigentleg til med dei to 80-åringane? Dette og meir til får du vite i programmet «Kongefamilien 2017».

Dronning Sonje og kong Harald

2. juledag møter vi kongeparet på NRK1.

Foto: Geirr Larsen / NRK

- Bortreist på dagen, seier kong Harald om sin 80 årsdag. Han ville feire saman med sine aller næraste og hadde berre informert nokre få om kvar han reiste. Likevel var det nokon som røpte hemmelegheita.

NRK møter kongen og dronninga i KunstStallen som ligg i Dronningparken, like ved slottet. Vi skal snakke om året som har gått. Forvandlinga av dronning Mauds gamle stall til kulturarena har vore den store nyskapinga frå kongehuset i 2017. Dette var kongens 80-årsgåve til dronning Sonja og stod ferdig til hennar fødselsdag 4. juli.

2017 har vore eit jubileumsår for kong Harald og dronning Sonja. Dei har feira sine 80-årsdagar stort, både privat og offentleg.

Men det har ikkje berre vore fest. Kongen snakkar om sin store uro. Dronninga må forsvare eigen kunst. Kronprinsesse Mette-Marit set grenser for pressa igjen. Og igjen. Og Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite kjem til slottet for å få svar på korleis hoffet disponerer offentlege midlar.

Neste år venter nok eit jubileum. I 2018 er det 50 år sidan kronprins Harald fekk frøken Sonja Haraldsen, som han hadde venta på i 9 år. Blir det storfeiring endå ein gong?