Hopp til innhold
Info fra NRK

Kari-Anne på Røst. Sesongpremiere!

Uke 40 NRK1 mandag 1. oktober kl 19.45

Kari-Anne sine sauer skal få selskap. Dyrelivet skal utvidast, og med det kjem nye utfordringar. For livet blir aldri kjedeleg på Røst.

Kari_Anne på Røst S02E05

Vi følger Kari-Anne på nye eventyr i sesong 2.

Foto: Tor Sivertstøl / Tindefilm AS

Etter mange år som bonde på ein veglaus fjellgard på Vestlandet, vende sunnmørsjenta Kari-Anne Nilsen blikket nordover, til den vesle øya Røst, så langt ut i det barske Atlanterhavet som det går an å koma.

I den andre sesong møter vi den unge bonden når ho er i ferd med å få liv i den eldgamle garden ho har overteke.

Første episode

Det er eit halvt hundre år sidan det budde kyr på Røst, men driftige Kari-Anne er ikkje redd for å ta oppatt den gamle tradisjonen. I første episode hentar Kari-Anne to kviger heile vegen frå Velfjord, og det vert ei strevsam reise i vintermørket. Men dei to innflyttarane frå Helgeland viser seg å vera meir viltre enn godt er!

Andre episode

Det kjem stadig nye dyr til Kari-Anne på Røst. No er det to ungarske ullgrisar som flytter inn på garden, og Kari-Anne gjer det ho kan for å få dei tamme før dei blir alt for store. På Røst treng også mange hus ei hjelpande hand, eitt av dei ligg på garden til Kari-Anne. Ei rønne kan bli ei perle med litt eksperthjelp, og no skal røstværingane lære seg å restaurere vindauge.

Tredje episode

Årets viktigaste tid for ein sauebonde er her. Hundrevis av små nøste skal kome til verda, og nokre treng ekstra hjelp for å få ein trygg start på livet. Sauebonden må vere helt om dagen og helt om natta. Det blir harde dagar for Kari-Anne og hjelparane hennar.

Fjerde episode

Å vere eit lite lam som skal ut av fjøsen for fyrste gong, er både skummelt og spanande. På Røst må lamma dessutan setje sjøbein for å kome ut på beite, og no får du bli med på deira aller fyrste båttur. Kari-Anne og dei gode hjelparane hennar får dei trygt fram med nesten militær presisjon. Og det blir eit varmt møte når mamma endeleg kjem på besøk.

Femte episode

Livet som sauebonde er hardt, men no skal Kari-Anne endeleg på ferie. Ho reiser ikkje til Syden, men på loffen i Lofoten. Der får hestejenta i henne hente fram gamle kunstar, ho lagar gourmetmat på den vakraste stranda i landet og møter gamle kjente på fire føter.

Sjette episode

Hos Kari-Anne på Røst skal ein liten gris helst bli attraktiv for to vaksne ullgrisfruer, men han slit med å vinne damenes gunst. Ute på markene har graset vakse seg langt, og det er tid for slått. Då sviktar utstyret. Heldigvis er gode vener og familie fulle av arbeidslyst og kan hjelpe ein bonde i naud. Og ute i havgapet ventar prisen for hardt arbeid, når Lofoten viser seg fram i all si prakt.