Hopp til innhold

Karen Pirie

Når eit 25 år gammalt uløyst drap vert tema i ein omstridt «true crime»-podkast, vert den fryktlause etterforskaren Karen Pirie sett på saka.

Karen Pirie står midt i bildet på en sandsti, med ryggen halvveis til mens hun ser i kameraet. Hun har grønn jakke og skulderlangt, blondt hår.
Foto: World productions for ITV

Basert på romanane til Val McDermid, følgjer den tredelte serien «Karen Pirie» den unge detektiven Karen (Lauren Lyle) si etterforsking av drapet på Rosie Duff, som vart funne knivstukken og etterlaten for å døy på eigedomen til St. Andrews katedralen i 1996.

Liket av Rosie vart funne av tre studentar – Ziggy, Alex og Tom – som vart politiet sine einaste mistenkte i saka. Men drapet vart aldri oppklart. Kven drap eigentleg Rosie?

En dame med blondt, skuderkort hår og en mann med brunt, kort hår har hendene foldet under haka og ser tankefullt på en PC-skjerm.
Foto: ITV

Takka vere ein omstridd «true crime»-podkast står interessa for saka opp igjen. Den unge etterforskaren Karen Pirie vert sett til å leie etterforskinga.

Etter kvart som hendingane den skjebnesvangre natta i 1996 sakte vert sett saman, tek etterforskinga ei mørkare vending når det ser ut til at nokon er villige til å risikere alt for å halde løyndommane rundt saka skjult.

Over natta vert saka ei direkte etterforsking og kappløpet for å finne mordaren er i gang. Vil Karen klare å stille Rosie sin mordar for retten før det er for seint?

God mottaking i Storbritannia

Krimserien vart svært godt motteken av sjåarane når han hadde premiere i Storbritannia hausten 2022. Både The Guardian, The Telegraph og The Independent gav serien 4/5 stjerner.

Serien har premiere i NRK TV søndag 1. januar. Sendes på NRK1 mandag 2. januar.