NRK Meny
Normal

Jul i Os kyrkje

Uke 51 NRK1 og NRK P1 julaften kl 16.00 og 1. juledag kl 11.00

I år skal Os kyrkje i Hordaland bringe julebodskapen til sjåarar på NRK1 og lyttarar på P1.

Os kyrkje

Os kyrkje ligg vakkert til på Osøyro .

Foto: NRK

Julaftangudsteneste frå Os kyrkje 24. desember kl 16.00:
Kapellan Roar Hallesby Evjedal talar og kantor Anita Haugland Berge er musikkansvarleg. Tensingkoret Join Us og Martin Herfjord syng og Vibeke Nordtveit spelar kornett.

Høgtidsgudsteneste frå Os kyrkje 25. desember kl 11.00:
1. juledag er det sokneprest Margrethe Holmboe Askeland som talar og kantor Andrew Paul Holman som er musikkansvarleg. Tradisjonen tru er det Os mannskor som syng, og messingblåsarar frå Os musikkforening som spelar.

Os kyrkje
Os kyrkje ligg vakkert til på Osøyro og vart bygd i 1870. Ho ligg i Os sokn i Midthordland prosti og tilhøyrer Os kyrkjelege fellesråd saman med Nore Neset kyrkje.