Hopp til innhold
Info fra NRK

Islandsk krim: Flateygåta

Mord og mellomaldermysterium på sagaøya. Året er 1971. Jóhanna må heim til Island og følge faren sin til grava. Han vigde livet til å granske gåtene i Flateybok frå mellomalderen.

Flatey-gåta - key bredde - NRK TV
Foto: Sagafilm, Reykjavik Film

Våren 1971 vender Johanna heim frå Paris til Island for å gå i gravferda til faren hennar. Ho leitar òg etter jobb på universitetet, men dei feministiske synspunkta hennar på systematisk tausheit av kvinnestemmer i historia går ikkje overeins med styret ved universitetet.

Ho får sjansen til å bevise seg sjølv, ved å fullføre arbeidet til faren og løyse den gåtefulle gåta frå Flatøyboka, eit mellomaldersk manuskript om kongane i Noreg. Mysteriet i Flateyboka har ingen klart å løysa på 600 årFor å komme nærare gåta flyttar Johanna til Flatey, ei stor isolert øy utanfor vestkysten av Island.

Flateygåta, foto: Sagafilm,
Reykjavik Films
Foto: Sagafilm, Reykjavik Films

Når Johannas 10 år gamle son oppdagar ein død kropp av ein mann som ser ut til å ha vorte myrda sender politiet ein representant for å undersøkje saka. Detektiven viser seg å vere Johanna eksen sin, Brynjar, ein hemnlysten mann, som framleis er bitter over brotet som skjedde for lenge sidan.

Johanna blir viklet inn i drapsetterforskningen mens ho prøver løyse Flateygåta. Ho blir nøydd til å dykke djupt ned i mørket og hjartesorga på reisa si mot å løyse Flateygåta.

Sjå heile serien i NRK TV måndag 3. august.