Hopp til innhold
Info fra NRK

Helene sjekker ut Transkvinner

Helene møter folk som mange har meiningar om, og kanskje ikkje heilt forstår. Nokre blir også provosert av at andre lever liva sine slik som dei gjer. Helene er nysgjerrig og vil gjerne lytte. Korleis er det å vere transkvinne og stadig måtte oppleve ein oppheita diskusjon rundt eigen eksistens?

Helene og Sultan

Helene og Sultan.

Programmet publiseres i NRKTV tysdag 4. oktober kl 06.00 og sendast på NRK1 kl 20.00 same kveld.

I denne episoden av «Helene sjekker ut» blir vi kjent med Karoline (30) og Sultan (19) som er transkvinner. Karoline ynskjer å leve eit så vanleg liv som mogleg med jobb og venner. Berre vere i fred eigentleg.

Karoline og Helene

Karoline og Helene.

Medan Sultan lengtar etter å få behandling hjå Rikshospitalet og drive med ballroom og vouging.

Sultan danser

Sultan dansar.

Foto: Bjørn Frode Holmgren / NRK

Det å få hets og stygge kommentarar er daglegdags for begge to. Karoline får drapstruslar. Det å vere redd for å gå ute er ein del av livet. Likevel har både Sultan og Karoline valgt å vere synlege i sosiale medier for å snakke om livet som transkvinner. Kvifor vil dei utsette seg for dette?

Karoline og Sultan 8. mars

Karoline og Sultan 8. mars.

Foto: Bjørn Frode Holmgren / NRK

Sjå tidligare program av «Helene sjekker ut» her.