Hopp til innhold
Info fra NRK

Heimebane (1:10) - Premiere!

Veke 9 NRK1 sundag 4. mars kl. 20.15

Dramaserien «Heimebane» handlar om Helena Mikkelsen som blir Noregs første kvinnelege fotballtrenar for eit herrelag på toppnivå.

Helena Mikkelsen og Michael Ellingsen

Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) og Michael Ellingsen (John Carew) ynsker begge den same jobben, men det er berre plass til ein hovudtrenar i Varg.

Foto: Sjur Aarthun / NRK

Etter 15 år som trenar for kvinnefotball troppar Helena (Ane Dahl Torp) opp på eit intervju ho ikkje er invitert til og krev jobben som hovudtrenar for laget Varg. Helena meiner sjølv at ho er meir enn kompetent nok for jobben, og det er vel eigentleg Helenas nye sjef også einig i. Problemet er berre at ho er kvinne, og kvinner trenar ikkje menn i fotball.

På matta

Espen, spelt av Morten Svartveit, likar Helenas utradisjonelle tilnærming og tilbyr ho jobben som hovudtrenar for Varg.

Foto: NRK

Espen (Morten Svartveit), Vargs sportslege leiar sit med kniven på strupen og høyrer klokka tikke ned mot seriestart. I møte med Helenas stålvilje tek han sjansen og gir ho jobben. Vi følgjer Helena gjennom ein fotballsesong der ho må vinne respekten til spelarar som ikkje trur på henne, supportarar som ikkje likar henne og ein klubb som når som helst kan gi henne sparken.

Helena på pressekonferanse

Helena (Ane Dahl Torp) blir grilla på den første pressekonferansen hennar, der det blir offentleg at ho er ny trenar for laget.

Foto: Sjur Aarthun / NRK


«Heimebane» er spelt inn i Ulsteinvik og Oslo og handlar om Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp), som blir Noregs fyrste kvinnelige fotballtrenar på toppnivå. Vi følgjer Helena gjennom ein fotballsesong. John Carew tolkar rolla som som eks-proffen som kjem tilbake til laget Varg.

«Heimebane» har verdspremiere under Berlin Internasjonale Filmfestival 20. februar.

– Vi har jobba døgnet rundt med «Heimebane» no i fleire år, og eg er skikkeleg stolt av det vi har laga. Derfor betyr det enormt mykje å bli valt ut til Berlin og få ha den internasjonale premieren vår der! Dette aukar sjansane våre til å nå ut til eit internasjonalt publikum og selje serien til fleire land, seier hovudprodusent Vilje Kathrine Hagen.