Hopp til innhold
Info fra NRK

Heimebane 2 – sesongpremiere!

Veke 7, NRK1 søndag 17. februar kl. 20.55
Helena Mikkelsen og Varg er klar for den vanskelege andresesongen i Eliteserien. Klubben er på randa av konkurs. Jakta etter økonomisk tryggleik fører til ein skjebnesvanger kamp om Vargs sjel.

Heimebane

Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) og Varg får ein tøff start på sin andre sesong i Eliteserien.

Foto: Motlys / NRK

I andre sesong av Heimebane følger vi igjen den ambisiøse Helena (Ane Dahl Torp). Då ho blei trenar for Varg, vart ho Noregs første kvinnelege fotballtrenar for eit herrelag på toppnivå.

Helena får ein tøff start på sesongen. Varg er i økonomisk krise, og Helena må bygge opp eit nytt lag frå grunnen. Med Adrian (Axel Bøyum) som leiestjerne for ein gjeng amatørar og lokale talent, er Varg i ein konstant krise. Mangelen på pengar skaper store problem internt i laget. Helena og Espens (Morten Svartveit) jakt etter økonomisk tryggleik får uventa konsekvensar for dei begge.

Heimebane

Forholdet mellom Vargs sportslege leiar, Espen (Morten Svartveit) og Helena (Ane Dahl Torp) blir satt på prøve.

Foto: Motlys / NRK

Kamp om barna

Den tidlegare utanlandsproffen Michael (John Carew) er midt i ei skilsmisse. Ei lang kjærleikshistorie får ein hjarteskjærande slutt. Han hamnar i ein brutal kamp mot Marianne om foreldreretten til dei to barna deira.

Helenas dotter, Camilla, har forlate Ulsteinvik og mora for å finne sin eigen veg. Klarer Helena å vinne Camilla tilbake? Vil ho kunne støtte dottera i dei vanskelege vala ho blir stilt overfor?

Heimebane

Helena (Ane Dahl Torp) forsøker å ordne opp i forholdet til dottera, Camilla (Emma Bones).

Foto: Motlys / NRK

Investor

Vargs stadig nedgåande økonomiske spiral, gjer Helena desperat. Kan ho finne ei mogleg løysing? Ein investor kjem med eit tilbod, men er dette det beste for klubben? Helena set sine eigne ambisjonar opp mot Espens plikt til å bevare sjela til klubben. Dei motstridande viljane deira fører til ein kamp berre ein av dei kan vinne.

Heimebane sesong 2 dykkar enda djupare ned i karakterane og kva som skjer med relasjonane, når dei må begynne å ta dei vanskelege vala.

Heimebane

Adrian Austnes er Vargs store stjerne. Men også han står overfor store val.

Foto: Motlys / NRK
Heimebane

Helena (Ane Dahl Torp) og Michael (John Carew) får mange nye spelarar på laget.

Foto: Motlys / NRK