Hopp til innhold
Info fra NRK

Fredløs

Etter ein trøblete og traumatisk oppvekst smiler livet til Mo, han bur saman med kjærasten, Ida, og elskar jobben som kokk. Idyllen raknar når han vert arrestert for eit ran han ikkje har utført.

Mo saman med familien til Ida.

Idyllen tek brått slutt for Mo.

Foto: Stephanie Stål Axelgård

Fredløs er ein serie om traume, utanforskap og det å finne seg sjølv. Vi følgjer Mo som kom til Danmark som flyktning frå Balkan, etter nokre strabasiøse ungdomsår har han etter kvart fått etablert seg saman med kjærasten Ida. Han trivst i jobben som kokk og har tilsynelatande funne ein plass i samfunnet. Men bak fasaden ulmar det.

I Fredløs møter vi kjærasteparet Mohammed (Besir Zeciri) og kjærasten Ida (Maria Cordsen)

Mohammad (Besir Zeciri) og kjærasten Ida (Maria Cordsen)

Foto: Stephanie Stål Axelgård

Når Mo vert arrestert for eit ran han ikkje har gjort seg skuldig i vert relasjonen til både seg sjølv og Ida utfordra.

Mo (Besir Zeciri) vert fengsla.

Mo vert fengsla for eit ran han ikkje har utført, innanfor murane står utfordringane i kø.

Foto: Stephanie Stål Axelgård

Fredløs vann to Robertprisar under utdelinga i 2022

Med usikkerheita rundt brotsverket kjem tvilen sigande, og Ida veit plutseleg ikkje kven kjærasten er. Innanfor murane vert livet med tunge kriminelle hardt for Mo, samtidig som frustrasjonen og raseriet aukar. Møtet med fengselskokken Abdallah vert redninga.

Møtet med fengselskokken Abdallah vert viktig for Mo.

Møtet med Abdallah vert redninga for Mo.

Foto: Emma Line Sejersen

Alle episodane kjem i NRK TV fredag 8. juli.