Sigrid og Sander treng eit avbrekk og får det på fem ulike 2000-meterstoppar på Skagastølsryggen.
Bjørn viser det yngste barnebarnet sitt korleis han kom ifrå eit steinsprang med livet i behald.
Henki brukar opningstida på SFO som rammer for fjellklatringa si.
Tor Olav gjer kadettane frå krigsskulen kaldare og reddare enn dei nokon gong har vore – og så brakar det laust med Vinjerock hjå Solbjørg. Plutseleg er Jotunheimen invadert av 3000 festivalgjengarar.
Om serien
Fjellfolk er ein norsk dokumentarserie om mennesker som lever i, for og av fjellet. Menneske som alltid lengtar til fjells, og om alt som held dei tilbake.
Bjørn Høyvik vil halde fram med paragliding så lenge han kan. I alle fall eitt år til, og helst mykje lenger. For i den 75 år gamle kroppen lever ein leiken guttunge i beste velgåande.
Fjellføraren og sauebonden Tor Olav Naalsund møter kvart år med målsetjinga om at alle han har ansvar for, både sauer og menneske, skal ha det trygt i fjellet.
Solbjørg Kvålshaugen prøver å halda hovudet over vatn medan ho lever, andar for og driv turisthytta si i Jotunheimen 1000 meter over havet. Ho ynskjer seg både ein livsledsagar og ein kompanjong, men ingenting kjem av seg sjølv.
Klatrefamilien Flatlandsmo samlar felles opplevingar ute i naturen, men det er ikkje alltid at alle er interessert i å vere med på det.