Hopp til innhold

Fjellfolk, sesong 2 (1:6)

Uke 36 søndag 7. september kl 20.05

Sommaren 2014 slår alle rekordar. Aldri før har så mange vore på vandring i den norske fjellheimen. Og aldri har vel fjella vore vakrare enn i år.

Fjellfolk, sesong 2 (1:6)

Tor Olav Naalsund er en av dem vi møter i andre sesong av Fjellfolk.

Foto: Torje Bjellaas/NRK

«Fjellfolk» er forteljinga om menneske som lever i, for og av fjellet. Menneske som alltid lengtar til fjells, og om alt som held dei tilbake.

I sesong 2 av serien møter vi igjen nokre av hovudpersonane frå sist, samtidig som vi blir kjent med mange nye.

Kjæresteparet Sigrid Henjum og Sander Buene prøver å starte si eiga fjellbedrift. Dei investerer tungt, men veit og at gründerlivet vil sette forholdet deira på prøve.

Bjørn Høyvik vil halde fram med paragliding så lenge han kan. I alle fall eitt år til, og helst mykje lenger. For i den 75 år gamle kroppen lever ein leiken guttunge i beste velgåande.

Fjellføraren og sauebonden Tor Olav Naalsund møter kvart år med målsetjinga om at alle han har ansvar for, både sauer og menneske, skal ha det trygt i fjellet.

Solbjørg Kvålshaugen prøver å få dagane til å strekkje til medan ho lever for, andar for og driv turisthytta si i Jotunheimen 1000 meter over havet. Ho ynskjer seg både ein livsledsagar og ein kompanjong, men ingenting kjem av seg sjølv.

Klatrefamilien Flatlandsmo samlar felles opplevingar ute i naturen, men det er ikkje alltid at alle er interesserte i å vere med på det.

I kveld
I første program blir vi med på skitur over Norges største isbre, på familieklatring, sjølv om eldstemann eigentleg ikkje har lyst -, på lamming i Oppdal, på stenging av turisthytta - og på paragliding, sjølv om vinden på ingen måte samarbeider med han som vil flyge.