Hopp til innhold

Felefrelst

Uke 21 NRK1 søndag 24. mai kl 20.50

Hardanger - djupe fjordar, høge fjell, fruktbløming og hardingfele. Midt i eplekjerna i den norske nasjonalromantikken lever to spelemenn som synest dei går litt for ofte i bunad. No vil Frank Rolland og Knut Hamre vise deg korleis livet som felespelar eigentleg er.

Felefrelst

Frank Henrik Rolland og Knut Hamre på metroen i Tokyo.

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

Bli med på ei reise frå veglause gardar på Vestlandet til verdsmetropolen Tokyo, frå norske klasserom til japansk glamour, og tilbake att. For kanskje er heltestatusen nærare enn dei trur?