Hopp til innhold
Info fra NRK

En dag. Premiere!

Veke 42 NRK TV fredag 19. oktober.

«En dag» er eit nervepirrande krimdrama fortalt på ein uvanleg måte.

The Day

Tidleg i morgontimane tek to ranarar seg inn i den lokale banken. Men ranet går ikkje som planlagt, og byen blir vitne til eit gisseldrama

Foto: FBO/WOESTIJNVIS

«En dag» startar med eit bankran som ikkje går etter planen, og som utviklar seg til eit gisseldrama. Vi blir kjent med politiet, som forsøker å løyse krisa, og dei som er på innsida av banken: bankranarane og dei som er blitt tatt som gissel. Blant desse er det også barn.

Serien viser kva som utspeler seg i løpet av dei neste 24 timane, derav tittelen «En dag».

To perspektiv
«En dag» er originalt fortalt fordi vi får sjå det same tidsforløpet to gonger, men frå ulike perspektiv: I første episode opplever vi gisseldramaet frå ståstaden til politiet. Episode 2 tek for seg dei same hendingane, men då har vi forflytta oss til innsida av banken og dei som er der. Kanskje viser det seg at samanhengar du tok for gitt i første episode, ikkje stemmer?

«En dag» er ein serie med «høg puls». Gisla er i konstant fare og klokka tikkar.

Serien skil seg også frå andre krimseriar ved å la oss bli godt kjent med alle partar: «En dag» er også eit mellommenneskeleg drama. Serieskaparane har også lagt vekt på at historia og dialogane skal vere realistiske. Så når forhandlarane i politiet svarer telefonen frå gisseltakarane med «God morgon, korleis har du det?», så er dette basert på faktisk taktikk. Då serieskaparane gjort research til serien, fann dei ut at dette er ein av måtane forhandlarar prøver å bygge ein relasjon til gisseltakarane på.

«En dag» har aldersgrense 12 år.