Dokumentarserien som er på 6 episodar blir sleppt i NRKTV laurdag 17. juni. Den blir også send på NRK1 frå fredag 30. juni.
Dei nordiske landa har dominert den elektroniske musikkscena, både når det gjeld kredibilitet og kommersiell suksess.
Röyksopp.
Foto: Stian AndersenSjølv om delar av musikken gjev lyd til strandfestar i varmare strok, er han ofte skapt under lange vintrar rundt om i Norden. Kva er det med is og fjordlandskap som har gitt så fruktbar grobotn for denne typen musikk?
Björk.
Foto: Gunnar V. Andrésson / RUVDette er ei reise som startar ved ravekulturen på 80-talet, som var starten på ein heilt ny musikksjanger. Vi skal innom banebrytande techno og kommersielle suksessar som eurodance, trendsetjande fjorddisco og møte superstjerner innan EDM.
Aqua.
Foto: Erik Johansen / NTBI Ekstase får du høyre heile den fantastiske historia fortald av dei største og viktigaste elektronika-stjernene i Norden.
Vi møter mellom anna: Röyksopp, Cari Lekebusch, Adam Beyer, Darude, Jimi Tenor, Lindstrøm, Alexi Delano, Aqua, E-type, Icona Pop, GusGus, Orkidea, Alma, Annie, Biosphere, SEEB, Kenneth Bager, Kiasmos, Yotto, Jori Hulkkonen, Vito Ingrosso, Mikal Telle og Mental Overdrive.
SEEB.
Foto: Terje Pedersen / NTBVi får også sjå unikt arkivmateriale frå alle dei nordiske kringkastarane med mellom anna Björk, Avicii, Swedish House Mafia, Todd Terje, Mika Vainio, Kygo, Bjørn Torske, Robyn og Stonebridge.
Kygo.
Foto: Christopher Polk / NTB