Hopp til innhold
Info fra NRK

Eit feitt liv - Premiere!

Livsnytaren Ronny Brede Aase er lei av at andre ser ned på han fordi han er tjukk. Men kor usunn kan han vere når han aldri har hatt ein sjukedag i si 13 år lange NRK-karriere?

Ronny Brede Aase knuser myter om fedme i sin nye serie.

Ronny tenkjer ikkje på slanking og diettar. Har han funne oppskrifta på det gode liv?

Foto: NRK

I denne serien tek Ronny for seg myter og etablerte sanningar rundt kva fedme kjem av, og kva ein bør gjere for å unngå det. Ronny elskar livet sitt og lever det til fulle kvar dag, med god mat, snacks og ein del øl. No som fleirtalet i Noreg har vorte overvektige, vil han ta eit oppgjer med fedmehysteriet som også han kjenner på. ​Er det å vere tjukk synonymt med å ha for dårleg helse?

Harald Eia medvirker i første episode

Harald Eia er bekymra for den aukande vekta til nordmenn og presenterer Ronny for ein del statistikk om fedme.

Foto: NRK

Og kan Ronny halde fram det usunne livet sitt med øl og burger no når han skal bli pappa? Kva seier legen når Ronny for første gong i vaksen alder går på vekta?

Tuva Fellman og Ronny Brede Aase

No når dei skal bli foreldre synest Tuva at Ronny må ta grep om helsa si.

Foto: NRK