Hopp til innhold
Info fra NRK

Ein britisk skandale

«Ein britisk skandale» er basert på ei historie frå røyndommen, nemleg den skandaløse skilsmissa mellom hertuginna og hertugen av Argyll, Margaret Campbell og Ian Campbell.

Margaret Campbell og Ian Campbell

Margaret Campbell og Ian Campbell

Foto: BLUEPRINT/AMAZON/BBC STUDIOS

Serien, som er tilgjengeleg frå 5. mars i NRK TV, er basert på den berømte skilsmissa frå 1963 mellom Margaret og Ian Campbell. Skandalen inneheld alt frå søksmål, tjuveri og svindel. Skilsmissa, som spelte seg ut for open scene for den britiske offentlegheita, vart breitt dekt av den britiske pressa på 60-talet.

Kjærleiken blomstrar for paret i starten av forholdet deira, men snart nok blir vi kjent med alkoholproblema til hertugen. Han blir ein valdeleg mann når han har fått nok å drikka. Hertuginna ser seg lei av åtferda til mannen sin, og det er på bakgrunn av dette skandalen speler seg ut for det britiske folket.

Margaret Campbell blir spelt av den dyktige Claire Foy, mellom anna kjend for rolla si som Queen Elisabeth i Netflix`s store satsing «The Crown». Motparten hennar i serien blir spelt av Paul Bettany, som er best kjend frå rollene sine i Marvel-filmane «Ironman» og «The Avengers».

«Ein britisk skandale», som er regissert av norske Anne Sewitsky, fekk i romjula full pott av engelske aviser . Sewitsky, som Paul Bettany har uttalt er ein av dei beste regissørane han har jobba med, tok utdanninga si ved Den norske filmskolen i 2006. Sewitsky har blant anna regissert fire episodar av NRK-serien «Himmelblå». I 2011 vann ho "World Cinema Grand Jury Prize, Dramatic" under Sundance filmfestival for komedien «Sykt lykkelig».