Hopp til innhold

Draumehuset (1:5)

Uke 34 NRK1 mandag 22.august kl. 19.45

Å realisere draumen om sitt eige hus er både spanande og krevjande. Programleiar Frode Søreide har følgt seks norske familiar frå byggeprosessen startar til draumehuset står ferdig. I første episode besøker han Ole-Martin Borgan og Sandra Eilertsen som bygger Noregs første domehus.

Draumehuset

Sandra Karoline Eilertsen og Ole-Martin Borgan bur i Noregs første domehus med barna Eilert og Lilje.

Foto: Siv Helberg / NRK

På Sandhornøya i Nordland står eit hus som ingen andre i Noreg har maken til. Ole-Martin Borgan og Sandra Eilertsen ønskte seg eit unikt hus som passa til deira livsstil. Dei gav seg i kast med eit domehus.

Draumehuset

Domehuset ligg vakkert til på Sandhornøya i Nordland.

Foto: Petter Formo

Sandra og Ole-Martin bestilte huset som eit byggesett frå USA. Dei uerfarne husbyggarane ga seg i kast med prosjektet med god hjelp av fagfolk og storfamilien. Resultatet blei eit hus med åtte meter takhøgde og ein heilt spesiell atmosfære.

– Eg har budd i mange hus og leilegheiter i mitt liv, men aldri hatt den same kjensla som no når vi bur i vårt eige hus. Vi har lagt så mykje kjærleik og energi i bygget, så det kjennast som om det er for oss og berre oss, seier Sandra.

Draumehuset

Heile storfamilien har vært med å bygge Sandra og Ole-Martins draumehus.

Foto: Siv Helberg/ NRK

Andre hus i serien

Vi er òg med når Frode Søreide dreg til Bergen og følger bygginga av ein moderne husbåt og eit svevande hus som står på søyler. På Sjoga i Lillehammer blir det reist ei arkitektonisk perle av ei hytte. Og utanfor Oslo vil to familiar, på kvar sin kant av Oslo, bygge eit hus som rommar heile storfamilien.

Kva skjer når snøen kjem før dei har tett tak? Held budsjettet? Skal dei ha gråfarga eller gullfagra tapet? Flere av husa er heilt spesielle, og nokre av dei vi aldri før sett makan til i Noreg.